annonse

Grendeskulen sin uvurderlege verdi for vekst

Opning
Opning: Frå Sunnhordland 3. desember 1997, då det nye skulebygget i Selevik vart opna. Då var det 22 elevar ved skulen. (Foto: Faksimile)

  • Meiningar

Selevik skule overlevde så vidt hausten 1996, skulen overlevde med minst mogeleg margin under avstemminga i kommunestyret, med 11 mot 10 stemmer.

I det same møte vart det vedteke å løyva 2,3 mill. til nytt skulebygg.

I Fiskaneset byggjefelt var utbygginga i startfasen, fire nye hus var bygde, og fleire hadde planar om bygging.

Med vedtak der me hadde mista skulen i 1996 ville all utvikling stoppa opp, og Fiskaneset ville i beste fall enda opp med nokre fritidsbustader.

Bygda bygde eit stort tilbygg til den gamle skulebygningen i 1988/89, elevtalet var aukande så til og med kjellaren vart teken i bruk som klasserom.

Tilbygget vart rive då det nye bygget stod klart til innflytting 2/12-1997.

Tilflyttinga har vore eventyrleg. Då bygda kjempa for skulen hausten 1996, vart det laga eit estimat på 40 elevar i skuleåret 2005/2006.

Elevtalet auka til 41 i skuleåret 2005/06, ved innflyttinga i 1997 var det som biletet viser 22 elevar.

Folketalsauken talar for seg: I 1997 var folketalet på 135, i dag har bygda 260 innbyggjarar – ein auke på 125.

Folketalet i Dåfjorden har passert Utsira kommune, som har 209 innbyggjarar.

Auken i folketal for heile Fitjar kommune frå år 2000 og fram til andre kvartal 2018 er på 203 personar, Dåfjorden har åleine 105 av heile auken.

Kort oppsummert: 52 prosent av heile veksten i kommunen.

Etter oppslag i Fitjarposten i mai i år, tilfører kvar innbyggjar i gjennomsnitt kr 59980 i skattar og rammetilskot.

Folketalsauken i Dåfjorden tilfører Fitjar kommune kr 59.980*105 auken er i sum kr 6.289.000 årleg framover, utan skule stagnasjon og fråflytting og mindre pengar til skule og eldreomsorg.

Veksten i folketal har også kvalifisert Fitjar til veksttilskot, i 2016 kr 278.000 – 2017 kr 644.000 og for 2018 kr. 1.013.000

Les også: Massiv protest mot ny skulebruksplan

Samla vekst dei tre siste åra er på kr 1.935.000, kommunen må ha ein vekst på over 1,4 % i gjennomsnitt over ein tre års periode.

Tar ein vekk veksten i Dåfjorden, som ville vore eit resultat av nedlegging av skulen i 1996, kjem veksten under 1 %, og Fitjar kommune ville ikkje fått veksttilskot.

To nye hus er under bygging, mange unge som har vakse opp bygda vil flytta tilbake, men utryggleik om skulen vert avgjerande om dei buset seg i bygda og kommunen.

I dag har bygda skule, barnehage og SFO, det er tilbod som småbarnsforeldre er heilt avhengige av i ein travel kvardag for å få kabalen til å gå opp.

Folk som flyttar til bygda kjem frå kommunar utanom Fitjar. Spør ein kva faktorar som er vekta for busetjing i bygda er grendeskule, SFO og barnehage øvst på lista.

Skulen har eit stabilt elevtal framover, og med eit nystarta Dåfjorden Næringsforum, ser bygda framover og vil skapa vekst som vil styrkja kommune økonomien.

Vert skulen lagt ned ser foreldra etter barnehage og skuleplass i Stord der dei har sitt daglege arbeid, Fitjar kommune sit att med store refusjonskostnader og stagnasjon.

Vedtaket på 2,3 mill. hausten 1996 har forrenta seg mange gangar.

Å leggja ned Selevik skule vert som å dra ut nygla or båten, du har full jobb med å halda deg flytande.

Annar Westerheim,
Dåfjorden

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut