annonse

Gud har verre ting å sørgje over

Pride
Pride: I dag vert Pride arrangert på Stord, og innsendaren meiner Gud har verre ting å sørgja over enn det. Her vaiar regnbogeflagget på Stord rådhus. (Foto: ARKIV)

  • Meiningar

Eg trur at kjærleik er den sterkaste følelsen me menneske har. Dersom me tenkjer på det på eit synspunkt, så for dei fleste av oss er det å finne vår andre halvdel ein stor del av livet. Det er på ein måte dette me kanskje ser fram til og tenkjer at det er eit stort mål i livet. Så kvifor er det slik at ikkje alle får lov til dette?

Eg kan ikkje førestilla meg å ikkje kunne sei til nokon at eg elskar nokon. Det å halde på ein så stor hemmelegheit fordi ein føler at ein ikkje er godtatt av enkelte personar eller i nokre tilfelle eit samfunn. Nokre menneske går eit heilt liv med å skjule kva dei føler av frykt. Frykt for å ikkje bli godtatt eller sett ned på. Likevel er det nokon som ikkje skjønnar dette og legg opp til usikkerheit.

Viss det er noko som helst som Gud faktisk sørgjer over, så er det ikkje ein person som elskar ein annan person, men for eksempel terroristar. Som for alt me veit sit å planlegg sitt neste store terror angrep no. Eller me menneske som øydelegg verda og samfunnet me lever i.

Tenåringar går gjennom mykje i desse åra. Om det gjeld å passe inn ein plass, eller få seg venner. Byrje i tillegg å forberede seg på «vaksenlivet» som mange ville sagt. Det siste dei treng er å ikkje føle seg godtatt for noko så enkelt som å elske. For ein følelse ein ikkje kan styre sjølv, men som skal få oss menneske til å føle noko spesielt og vakkert.

Me er eit samfunn. Eit samfunn der me alle er og skal vere likestilte. Me skal støtte kvarandre. Hjelpa kvarandre og sette pris på kvarandre. Me skal vise kunnskap, og vere gode førebilete for neste generasjon og mange deretter. Gud er glad i oss alle. Uansett kjønn, nasjonalitet, klasse eller legning.

Laurdag 15. september er dagen der me skal feire. Vise vår støtte og stå for ei viktig og internasjonal sak. Me skal vise oss samla og få fram eit viktig bodskap. Noko av det aller viktigaste med dette arrangementet er å vise at ingen er åleine. Og at det å elske, det er ein menneskerett.

Sara Klaudia Magdzinska

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut