annonse

Gummiproblema på fotballbanane

Miljøproblem
Miljøproblem: Gisle Tjong er oppteken av miljøproblem kring gummigranulat på kunstgrasbanar. I førre veke lessa han oppi fleire sekkar med gummiavfall etter vinteren, rundt banen på Vikahaugane. Han fortel at det ligg haugar av gummi rundt fleire andre banar på Stord. Her viser fjerdeklassingar ved Langeland skule fram noko av gummikulene dei fann i fjor haust, då dei deltok på eit forskingsprosjekt om miljøproblema. Oline Koppang Skartland (frå venstre), William Vattn Endresen og Thale Haga Haugvik. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Eg ser i VG, laurdag 12. mai, at NFF jobbar for å få fram eit nytt og miljøvenleg granulat. Det vil verta brukt på ein bane i Oslo om kort tid, ca. 1. juni, eller første veka i juni.

I fjor sommar laga NFF ein foldar som tipsar klubbane om kva dei kan gjera for å hindra svinn, og dei har fleire pilotar ute, (kva no det måtte bety).

99 % av svinnet kjem av brøyting av banen, det er 100 % sikkert, så det er einaste brukande løysinga, slik underteikna ser det. Held det fram, må det ev. etterfyllast, elles er det fort tomt.

Rasmus Hansson, og MDG, vil ha bytt ut gummigranulata med sand, og Haslum IL har allereie gjort det, (Det må jo slita noko enormt på banen, kan ikkje forstå noko anna. Reine sandpapiret, for å sei det slik). Dei meiner det bør skje før nyttår 2019, orsak, innan våren 2019 skal det vera.

Det skal visst vera ca. 1750 ganulatbanar i landet. Det er nemnt 1500 tonn granulat, men det er nok feil, 15000 tonn kan vera rett, det tilsvarar 1,2 kg/m². Kanskje opp mot 1,5 kg/m², viss banane er mindre enn 105x65 m, i snitt. Me har jo fleire slike her på Stord, ein på Ås, og den minste i Prestegardsskogen.

Stortinget vedtok no i februar at alle banar skal ha utstyr for oppsamling av granulat, dei skal ha dette på plass i løpet av året 2018. Ifølgje Hansson tek spelarane med seg 65 tonn av banen kvart år, difor meiner han at ei slik oppsamlingsordning ikkje er bra nok.

Argument for å behalda eit eller anna granulat, er det er heilårsbanar, og dei skal fungera også i mange minusgrader, pluss at det skal redusera talet på personskadar.

Det må verta dyrt å skifta til sand, slik Hansson & Co. vil, men som altså NFF går sterkt imot, Men, seier Hansson, det vert langt dyrare om me øydelegg havet vårt. Då er det veldig lønsamt å gå over til sand.

Vel vel, me får sjå korleis det går med den banen i Oslo som får nytt og miljøvenleg granulat tidleg i juni 2018. Anleggssjefen i Haslum IL er godt nøgd med vedtaket om å verta granulatfri, og meiner at mykje av kostnadane ved bytet vil verta innspart ved at ein slepp å etterfylla.

NFF sin kontaktperson er kommunikasjonssjef Yngve Haavik, og anleggssjefen i Haslum IL heiter Knut Gulbrandsen.

NFF meiner altså at kunstgras med granulat gjer dei beste speleforholda, har lengst haldbarheit, og at det finst effektive verkemiddel for å halda granulatet på banen. Det siste etterlyser altså eg.

Gisle Tjong,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut