annonse

Håpar publikum boikottar heile prosjektet

Hardt mot hardt
Hardt mot hardt: Per Jan Ingebrigtsen er skuffa over at skisport forsvinn til betalingskanalar. Han meiner den offentlege støtta til skiforbundet bør reduserast som følgje av det. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Kvar vil skiforbundet henta pengar og garantiar til neste meisterskapssøknad? TV3? Viaplay? Nent?

Når dei som styrer butikken i skiforbundet har gøymt dei kommande meisterskapa i nasjonalidretten vår bak tjukke betalingsmurar i nemde selskap, så bør det ikkje vera oss skattebetalarar som er med å betala gildet. Pengestøtta som forbundet får gjennom staten, bør strupast inn, så pass hardt at det smertar. Noko anna språk forstår dei ikkje! Eg etterlyser politikarane på tvers av partigrensene.

Kva meiner dei? Kva kan dei gjera? Og eg etterlyser utøvarane. Har dei noko meining om at idretten dei utøver ikkje lenger skal vera allemannseige? Så håpar eg at publikum tek til motmæle og boikottar heile prosjektet! Går sjåartalet ned, tørkar sponsorpengane inn. Det er eit språk toppane i skiforbunda i heile Norden vil forstå.

Per Jan Ingebrigtsen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut