annonse

– Har ein god plan for Langelands-krinsen

Saknar ein plan
Saknar ein plan: Stord Venstre meiner at brakkene, som er ei mellombels løysing for elevane ved Stord ungdomsskule, kan flyttast til Kåreviksmerka etter bruk, som avlasting for ein sterkt pressa Langeland skule. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Langeland skule er den største grunnskulen i kommunen. Med 430 elevar er Langeland skule den største grunnskulen i Sunnhordland. Familiar trivst, blir verande og flyttar til krinsen rundt Langeland skule, skriv Knut Eide Løkhammer (V).

  • Meiningar

Det gjer at det er trongt på Langeland skule, framleis.

Det vert no rydda skog som gir grunn til 42 nye husvære, eit dårleg steinkast frå Langeland skule. Hatlandsåsen ligg klar til utbygging, den ligg og i dagens krins for Langeland skule.

Det gjer at me må ha ein plan for Langeland skule, og krinsen. Ein plan som held. Ikkje berre eitt år om gongen.

Familiar som vel å bu i krinsen, innflyttarar og sambygdingar, må forvente at kommunen har ein god plan. Det har me ikkje nett no. Kommunen har rett til å leggje krinsgrenser der dei meiner det gir god ressursbruk av dei skulane me rår over. Kommunen kan velje å innlemma Hornelandsvågen og Hatlandsåsen til Tjødnalio skule. Det er ingen god plan. Det er heller ingenting som kan få det til å bli ein god plan.

Rådmannen legg no likevel opp til eit tiltak, ved å på flytte krinsgrenser, slik at kabalen går opp. Justering av krinsgrenser er vel knapt eit tiltak. Eit drag med kulepennen langs ein linjal, ei ny line. Nærmiljøet til barnefamiliar som har investert i hus og heim vert råka. 6 km til skulen, ein veg. Buss. Kvar dag. Ikkje ein god frisk tur til skulen. Kommunen eig nesten ingenting av området rundt Langeland skule. Om det no hadde vore ein god plan å byggje skulen enda større.

Stord Venstre meiner at kommunen må greia ut ei anna løysing. Stord Venstre har ein god plan, og den er slik:

I Kåreviksmarka ligg det eit område på 6,5 mål som er godt egna til ein småskule (1. – 4. klasse). Denne småskulen blir ein del av ressursen til Langeland Skule, med felles administrasjon og stab.

Ja, me veit at kommunen ikkje har rom til å byggje noko ny skule, sjølv. Anten den er stor eller liten. Men dette treng ikkje vere ein omfattande prosess, med arkitektkonkurranse og budsjettsmerte.

Det er fult mogeleg å få på plass ei klyngje av modulbygg, som kan fungere bra i den perioden ein treng det. Då vil ein få ro til å leggje ein meir langsiktig plan for ein eventuell ny grunnskule Hatlandsåsen.

Til våren flyttar Stord Ungdomskulen ut frå midlertidige lokale.

Stord Venstre foreslår at kommunen nyttar erfaringa frå det midlertidige oppsettet av Stord ungdomsskule, til å gje ro i Langelandskrinsen og noko å glede seg til, hausten 2018. Ein småskule i Kåreviksmarka.

«Brakkeskule» vil nokon seie. Ja vel. Dagens modulbygg har høg standard. Høgare standard enn mange klasserom. Ein kan kalle det det ein vil.

Stord Venstre ynskjer at kommunen vurderer dette alternativet. Det er ein god plan.

Og det er sjølvsagt god venstrepolitikk. Venstre vil at grunnskulen skal gje trygge, faste og oversiktlege rammer for læring, leik og samhald i grunnskulen.

Venstre vil leggje til rette for at barn og vaksne kan inngå i små og store meiningsfulle fellesskap. Stord Venstre meiner ein småskule i Kåreviksmarka vil bli eit slikt fellesskap. La oss til slutt ta med at eit anna forslag som er nemnd. Omorganisering av innføringsklassen på Langeland Skule. Dette er ei elevgruppe som varierer, og som no tel 13 stk. Kommunen kan sjølvsagt velje å flytte denne gruppa til ein anna skule.

Stord Venstre forstår at det er eit alternativ. Men me tykkjer ikkje det er ein god plan. Langeland skule har bygd opp kompetanse rundt nett denne elevgruppa. Då må ein sjå på om kompetansen også skal omorganiserast.

Flytting av innføringsklassen er ikkje ei langsiktig løysing for Langeland skule, og råkar ei elevgruppe som også treng å slå rot i eit fellesskap.

Knut Eide Løkhammer,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut