annonse

Heia Stord sjukehus

Nøgd
Nøgd: Nils Vestbøstad var på Stord sjukehus i ferien. Han blei imponert over innsatsen frå helsepersonellet. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Ferieveka mi 2017 har eg hatt på sjukehuset, skriv Nils Vestbøstad.

  • Meiningar

Etter ein arbeidsdag med jord og stein, avslutta eg aktiviteten med bordtennis i kulturhuset. Bordet vart trilla på plass kl. 21,20. Heime sette eg meg i «godstolen». Mellom 22 og 23 byrja eg å frysa, og skalv som eit ospelauv. Utpå natta synte tempen 39+, og då Hanna meinte eg ikkje var heilt på stasjonen, ringde ho 113.

Inntransporten vekte barndomsminne hos meg, då eg låg på høy-sleden med jernskodde hjul, på grusveg, hesten i luntetrav og tomme oljespann på lasset. Etter dette har eg djup medkjensle med pasientar som skal hentast «langtbortistan», og køyrast «frå stokk til vegg».

Eg takkar hjarteleg for eit helsebringande, avslappande opphald. Eg fekk permisjon for å stemma. Tysdagskvelden fekk eg perm frå 20 til 22 for å øva med Sunnhordlands- musikken i Sagvåg bedehus. Då transportøren ringde og spurde om eg var klar, låg eg framleis på senga og venta på at dei siste dropane av antibiotika skulle renna inn. Sjukepleiaren insisterte på å køyra meg ned til ventande bil. Då me var tilbake, kom ho ut døra for å gå heim etter ein travel dag. Ho snudde på hælen, henta rullestolen og køyrde meg til døra i 4. etasje!

Hjarteleg takk til dykk alle!

Nils Vestbøstad,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut