annonse

«Held Stord sjukehus den kvaliteten som pasientane forventar?»

Pasient
Pasient: Kjell Larsen har mange ting han er godt nøgd med på Stord sjukehus, men det er og mykje som kan bli betre, skriv han i dette opne brevet til klinikkdirektør Reidun Mjør. (Foto: Ingvild Eide / arkiv)

Ope brev til direktør ved Stord sjukehus, Reidun Mjør.

  • Meiningar

Dette spørsmålet må ein kunna stilla utan nokon vert arge. Med bakgrunn i at underteikna har hatt ein del opphald som pasient på Stord Sjukehus, har eg observert ein del ting som ein må kunna diskutera slik at dei forhåpentlegvis kan rettast på, ting som direktør Reidun Mjør burde kunna svara på!

Eg må understreka at personalet som jobbar med pasientane er fantastiske personar med ein omsorg og moral som treng skrøytast av, men sjølvsagt har dei og «lik i lasta» som andre bedrifter.

Når det gjeld kvaliteten på maten, så held den ein høg kvalitet til å vere frå eit storkjøken.

Når det gjeld reinhald, er det mykje som må betrast og rettast på, som vask av golv og toalett, samt dørhandtak og vask. Til dømes var det ein reinhaldar som brukte 4 minutt på og reingjere alt dette, som er nokså forteljande. Det er dårleg luft, spesielt på toaletta etter lang tid med dårleg reinhald. Denne problemstillinga gjeld også toaletta ved resepsjonen som til tider lukter forferdeleg, og har eit preg av at det er nokon som driv hærverk! Det er og ein kjent sak at sjukehusa slit med at innlagde pasientar vert smitta av ulike årsaker, og då må spesielt reinhaldet følgjast opp grundig av dei som har ansvar for den avdelinga!

Så har me pasientservice, sånn som tv-tilbod, det er for dårleg med seks kanalar i dagens samfunn, og ingen sportskanalar. Men kva er årsaka til at Haugesund sjukehus har så mange fleire kanalar enn kva Stord sjukehus har å tilby pasientane sine, når dei trass alt høyrer dei til det same helseføretaket?

Når det gjeld tilgang til lesestoff som bøker og lydbøker er det ingen tilbod. Rett nok har dei nokre bøker i eit skap i daglegstova som har stått der i mange år utan at dei er blitt skifta ut. Her må det vera mogelegheiter med eit samarbeid med Stord folkebibliotek, som har den eminente biblioteksjefen Bjørnar Withbro, som sikkert kunne vore behjelpeleg med og få til ei brukbar løysing på dette. Rett nok er det mogelegheiter til å laste ned lydbøker, men det er ikkje alle som har den mogelegheita til det.

Sjukehuset har i mange år hatt eit tilbod til sine pasientar, nemleg at dei har kunna få drikke/noko å eta seinare på kvelden, til dømes mjølk og saft, samt yoghurt. Men her er det noko som sviktar i rutinane når det gjeld å bestilla frå storkjøkenet på sjukehuset og opp til avdelingane. Det skjer ofte at dei ikkje har mjølk eller yoghurt, med grunngjeving at dei har gløymt og bestilla frå kjøkenet. Dette må ein kunna retta på når det gjeld rutinar, Reidun Mjør.

Det å få tilgang til riksdekkjande aviser og andre kioskvarer er det heller ikkje mogelegheiter for lenger, etter at sjukehuskiosken vart nedlagt for ei tid sidan, fordi innteninga var for dårleg. Det som skjer når pasientane ikkje har tilgang til kioskvarer, er at dei er nøydde til å bestille drosje for og få kioskvarene opp til sjukehuset, med dei ekstra kostnadene det inneber. Det er ikkje slik det skal vere, så dette er «hakkande gale», Reidun Mjør!

Kanskje det kunne vore ein idé at ein frivillig organisasjon, som til dømes Røde Kors eller Frelsesarmeen, kunne drifta ein kiosk på sjukehuset, dog kanskje med eit litt større lokale enn det som har vore før. For og få opp ein kiosk er det openbert at ein burde kunna få støtt frå helseføretaket for og få dette til. I dag så betaler dei som jobbar på sjukehuset kr 200.- pr. md. for og ha bilen sin parkert ved sjukehuset, dette gjev ei god inntekt for helseføretaket når det er ca. 600 personar som jobbar der. For ikkje å gløyma gjesteparkeringa for folk med timeavtaler og besøkjande til sjukehuset, samt dei innlagde, Nokre av desse inntektene kunne vel verta brukt som tilskot til og/eller til drift av ein kiosk med tilnærming slik dei har på Haugesund sjukehus.

Avslutningsvis vil eg seia at eg og mange fleire er storfornøgd med den omsorg og velvilje personalet viser ovanfor pasientane sine, så tusen takk.

Kjell Larsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut