annonse

«Heretter heiter det: Vi»

Meiningar
Meiningar: Liv Reidun Grimstvedt. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Små lommer av sterk, lokal identitet har vore noko av det som har prega Vestlandet historisk. Det har vore ein styrke for oss – men no er tida inne for å tenkje annleis, på tvers av tidlegare grenser.

«Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi.» Desse linjene skreiv Halldis Moren Vesaas rett etter andre verdskrig, og det er eitt av dei flottaste, enklaste sitata frå norsk litteratur som gir uttrykk for eit kall til felles handling.

Vi som voks opp i det moderne Noreg, har ikkje vore gjennom nokon krig. Men nye tider med klimakrise, digital revolusjon og endringar som skjer i stor fart, set nye krav til oss – krav som vi berre kan løyse om vi jobbar saman på tvers av fagområde, samfunnssektorar og tidlegare geografiske grenser.

Lat oss gjera det i lag!

Korleis bygge eit godt samfunn? Og korleis gjere det no i ei tid med uoversiktleg og hyperrask endring? I ei tid der vi byggjer nye og større einingar?

Fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane blir no til regionen Vestland. Ei større eining som får nye oppgåver der kunnskapsutvikling er viktig, skapar nye moglegheiter.

Ved å fusjonere med to andre høgskular på Vestlandet, har tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund alt teke eit slik steg. Fusjonen har gjort oss sterkare, særleg gjennom ein større fagportefølje – vi har langt meir å bidra med no enn før. Med fire studiestader fordelt over heile Vestland og med campus Haugesund i Rogaland dekker vi heile Vestlandet.

Men vi har meir å gå på. Heilt konkret ønsker vi på høgskulen oss endå tettare samarbeid med samfunnet rundt oss – fylket, kommunane, helseføretaket og næringslivet – det ligg eit stort potensiale for kvalitetsutvikling og nyskaping i samspelet mellom den anvendte forskinga og den praktiske kunnskapen. Vi må finne nye og betre måtar å arbeide på, i lag og i eit livslangt lærings-perspektiv for å bygge det samfunnet vi har behov for.

Høgskulen: ein talentfabrikk

Det finst alt gode eksempel på korleis vi kan gjere det. Stord-modellen er ei utdanning som høgskulen og næringslivet har bygd i lag. Gjennom dette tilbodet kan fagarbeidarar vidareutdanne seg til ingeniørar mens dei er i jobb. På dette viset kan vi levere ei utdanning på næringslivets premiss, slik at dei kan halde fram med å vekse, og slepp å miste fagfolka sine. Samstundes bidreg vi til å bøte på kompetansebehovet innanfor ingeniørfaget i Noreg i dag, og etterspurnaden etter folk med ein kombinasjon av praktisk og teoretisk kunnskap – noko som er ein mangelvare.

«Kunnskap bygger menneske og samfunn,» er slagordet til Høgskulen på Vestlandet. HVL skal bli talentfabrikken i det nye fylket Vestland og på hele Vestlandet. Vi ønsker å sjå heile regionens behov for kunnskap under eitt og bruke moglegheita som den geografiske bredda vår gjev. Dette er viktig både på kort og lang sikt fordi me veit at fire av fem som tek utdanning andre plassar, kjem ikkje tilbake.

Vestlandet er den regionen i Noreg med mest eksport. Vi ønsker å bli det neste profesjonsuniversitet for å forsterke rolla vår som regional samfunnsbyggar ved å vere ein kontakt mot solide, gode internasjonale fagmiljø. Det handlar ikkje berre om å gi meir kunnskap og forsking til dei verksemdene som alt eksisterer, men også, om å dyrke fram fleire talent som vil skape nye arbeidsplassar.

Gjennom universitetssatsinga vår vil vi bidra til å skape grøne løysingar og eit berekraftig velferdssamfunn. Her er vi godt i gang og har ein unik moglegheit som med våre fem campusar kan knytte oss til næringsliv på heile Vestlandet. Som partnar i klynga NCE Maritime CleanTech, jobbar vi med å gjere skipsfart utsleppsfri. Slike samarbeid ønsker vi å satse sterkt på i tida framover. Det same gjeld Katapultsenteret, der vi deler våre laboratoriefasilitetar med industrien.

Betre med fleire kokkar

Fleire kokkar, meir søl, heitte det før – men ikkje no lenger! Vi treng å sjå problemstillingar frå fleire hald for å løyse samfunnsutfordringane vi ser i dag.

Fylket og kommunane er viktige arbeidsgivarane i regionen vår, ikkje berre i form av sysselsetting, men også, for å syte for gode, sikre liv. Som Noregs neste profesjonsuniversitet vil vi samarbeide tett med det offentlege for å gjere velferd, skule og helse betre på heile Vestlandet. Her ønsker vi oss eit forpliktande samarbeid med det nye Vestland fylke.

Tida etter andre verdskrig var ei tid for å bygge landet. Vi fekk eit løft i kommunikasjonar, infrastruktur, velstand og vekst. Vi står på nytt i ei tid der de hastar å bygge samfunnet på nytt, ut ifrå nye premiss – og då særleg med tanke på berekraft. Det klarer vi ikkje kvar i sær, aleine. Men vi kan klare det saman.

Liv Reidun Grimstvedt,
prorektor for samhandling ved HVL

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut