annonse

"Himmelspretten - og eit yrande liv på bakkane på Stuastølen"

Minne frå oppveksten
Minne frå oppveksten: Lars Birger Aadland er ein utvandra stordabu, som har budd i Trøndelag sidan 1981. I det siste, etter at han vart pensjonist, har han skrive ned ein del minne frå livet på Stor(d)en på 50-60-70-talet, mest for sine born og ein stor flokk barneborn. men han vil gjerne også dela dette med Sunnhordland sine lesarar. Kjekt med eit lite vinterleg minne, sjølv om det no har vore heilt andre temperaturar nokre veker ... Bilete er frå litt meir sommarlege bakkar ved Stuastølen, men det var altså her dei spratt til himmels. (Foto: Magne Kydland)

  • Lesarbrev

Så snart det var kvitt på bakkane, tok me fram ski. Og var det 10–15 cm snø, så var me i gong med langrenn, hopp, utfor og slalåm akkurat som me høyrde i radio og såg på bilete. Det var alltid stas med terreng der me kunne byggja oss ein retteleg hoppbakke og få til svev på 10–12 meter. Men alle slags haugar og humpar var ei utfordring.

Gruve-ungane hadde bakkar på Dale og Øgård, og det hende at me prøvde oss der. Men me trekte helst til Stuastølen. Der hadde me liksom alt. Ein fin kul på sio mot Stua, med eit bra ovarenn. Trekte me hoppet litt inn på kulen, fekk me til eit bra unnarenn og hopp opp mot 15 meter. Då hadde me bygd hoppet ganske høgt!

Der vart det gjort mange hopp i løpet av ein vinter. Ein veldig aktivitet kvar einaste dag så lenge det var høveleg snøforhold.

Det var truleg Westerheimsgutane som oppdaga Himmelspretten. Rett nedanfor fjøset på Stuastølen var det ei bratt hadl (helling). Der stor det plommetre og epletre. Men ved sida av desse, kunne me laga ei løype frå muren nedanfor fjøset og rett ned mot ein skarp liten hump. Det var ganske bratt ned og så rett opp, eit par meter. Humpen eller kulen (kudl sa me) var 3–4 meter flat på toppen, og så bratt nede på andre sida. Me hadde aldri høyrt om ”freestyle”. Ikkje hadde me hjelm og briller og saggebukser og korte ski som du kunne køyra baklengs og framlengs. Nei, her var det stort sett Åsnes turski på 180–90 cm med Kandaharbindingar og beksaumsko. Men luftige hopp vart det. Når føret var godt, bar det rett til vers. Og smurde me med Sølvvoks, glei det godt, og me fekk veldig til fart.

På Himmelspretten kravde det at du fann den rette balansen. Kom du for langt bakpå, landa du på ryggen. For langt frampå, så tryna du retteleg. Ingen av delane var særleg bra, for du kunne slå deg skikkeleg. Fann du den rette balansen og føret var godt, hoppa du ein god meter opp i lufta, sveva over kulen og landa på føtene på andre sida, der det var eit bra unnarenn. Det vart eit hopp på 6–7 m frå sats til landing. Eg trur ikkje me gjorde salto, i alle fall ikkje frivillig. Men i dag, etter å ha sett ”freestyle” på fjernsyn, er det ikkje godt å vita. Med stroppbindingar og Åsnesski, ville det ha vorte ekstra spektakulært.

Når trekken sto frå nord, som den ofte gjorde når det var godt føre, kjende me eimen frå fjøset. Dei to siloane var stort sett surhå-kummar. Den gongen vart graset for det meste hesja og turka, og håa lagt i silo. Det lukta spesielt av siloar, som me gjerne kalla surhå-kummar. I fjøset var det 9–10 kyr og ei mengd med kalvar og ungdyr, og Olaen hadde montert avtrekksvifte som sende varm damp frå husdyra ut i den i det kalde vintervêret. I tillegg vaska Store-Peren mjølkestellet i rommet like utafor fjøsdøra. Denne lukta av varmt fjøs, blanda med surhå (som eigentleg lukta godt) og mjølkesøl og sterkt vaskemiddel med klor, vart ei eiendommeleg lukt som vart ein del av atmosfæren ved Himmelspretten.

Me gjorde mange hundre hopp på Himmelspretten. Oppå kanten kunne Store-Peren stå lange stunder og fylgje med på livet i bakkane og hoppinga vår. Eg hugsar ar det var ein heil gjeng som hoppa, og du måtte stå og venta på tur. Det var vel berre nokre få som kom frå det med ståande hopp, men alle fekk opplevinga av å spretta til himmels.

Det var eit yrande liv i bakkane på Stuastølen, men kven dei var, alle desse som spratt til himmels, hugsar eg ikkje. Men det var mange ungar som kom opp frå Bjelland, Høyland og Kåravikjo og fann at bakkane på Stuastølen var supre.

Lars Birger Aadland,

Lensvik

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut