annonse

Hordfast – eit elektronisk gjerde

FERJER
FERJER: – Nei, bruk heller pengane på å få ferjer som brukar 30 min over fjorden, med avgangar pr. 15 minutt, for om ein trur at brua vil få ungdomen til å flytta til/eller bu på Stord så trur eg Hordfast tilhengjarane her diverre tar feil, skriv Svein-Egil N. Johansen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)
Vil ha ferjer
Vil ha ferjer: Svein-Egil N. Johansen kjøper ikkje argumenta som blir brukt om Hordfast. (Foto: Marius Knutsen/Arkiv)

  • Meiningar

Dei som hyller Hordfast tar alle som ein fram «den fantastiske» arbeidsmarknaden som opnar seg for innbyggjarane våre. Me kan bu på Stord og jobba i Bergen. Reisa til Bergen vil berre ta 1 time, til Åsane 1 time og 20 minutt. Og når ein også kan dra fram Miljøargumentet, då ropar alle våre politikarar Halleluja og amen. Dei om det.

Eg pendlar i dag til Bergen og omland ca. 2 dagar i veka. Dette kostar meg netto etter rabattar ca. 400kr pr. dag. (Ferje og bompengar) dette blir 32.000 kr i året. Dagens pris på brupassering er rekna til netto 350,- kr ein veg. Om ein skal jobba i Åsane-området, så vil det koma bompengar frå Os via Bergen til Åsane på netto. 125,- ein veg. (Tal henta frå BT).

Om du då skal pendla med bil til jobb i Bergen, 200 dagar i året vil prisen bli 190 000.- i dagens kr. Er du heldig finn du ein å pendla med, då til ein kostnad på berre 95000,- i året, eller du kan velja å ta pendlar-buss til Åsane. Om arbeidsdagen då byrjar kl. 0700, så må f.eks. eg som bur i Sagvåg, stå opp kl. 0430, for å rekke ein buss som går frå Heiane kl. 0515, som då vil nå Åsane rundt kl. 0700. Bussretur frå Åsane kl. 1530, tilbake på Heiane kl. 1700, og heime i Sagvåg kl. 1730.

Vil ha ferjer
Vil ha ferjer: Svein-Egil N. Johansen kjøper ikkje argumenta som blir brukt om Hordfast. Foto: Marius Knutsen/Arkiv

Og om alle skal ta bussen til/frå Bergen, kven skal då betale for brua? Antall privatbilar vil jo då gå dramatisk ned, og då blir det jo færre som skal betala for gildet, og då vil vel også prisen gå monaleg opp, jamfør Bømlabrua, der dei sette opp prisen fordi det er så mange elbilar som ikkje betalar for passeringane.

Nei, bruk heller pengane på å få ferjer som brukar 30 min over fjorden, med avgangar pr. 15 minutt, for om ein trur at brua vil få ungdomen til å flytta til/eller bu på Stord så trur eg Hordfast tilhengjarane her diverre tar feil. Dei er ikkje interessert i å brua 13 timar til dagen på jobbmogelegheiter i Bergen eller Stavanger.

Eit anna alternativ er jo at Staten tar heile kostnaden med prosjektet, då kan det verre liv laga for dette prosjektet.

Svein-Egil N. Johansen,
Sagvåg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut