annonse

«Hordfast og Rogfast (og noko ingen vil snakka om)»

Bømlafjordtunnelen
Bømlafjordtunnelen: Det ingen vil snakka om ... (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

I debatten om dei to store vegprosjekta her på Vestlandet, Hordfast og Rogfast, er det eit prosjekt ingen vil snakka om. Strekninga Aksdal–Heiane. Kvifor?

Når ein nemnar dette til vegvesenet og andre som skal ha greie på slikt, så vert det heilt stilt. Dei vil ikkje høyra snakk om prosjektet. For ikkje å snakka om lobbyisten Halleraker. Han klikkar jo i vinkel når han får dette spørsmålet.

Rogfast

Rogfast er no utsett. Dette av di den kompliserte Kvitsøy-entreprisen vart 1,5 mrd. dyrare enn ein hadde rekna med. Og Vegvesenet vil ha ein ny runde. Kun ein kvalifisert tilbydar gav anbod på jobben. Rogfast skulle kosta 10 mrd., men er no oppe i 18 mrd. Dette før 50 prosent-overskridinga på Kvitsøy.

Hordfast

Kva så med «luftslottet», flytebru over Bjørnefjorden? Her har ein leita etter ting som kan få ned kostnaden på prosjektet. Når ein gjer ting billegare, så går det som oftast ut over kvaliteten. Noko som vil seia at utgiftene berre vil verta utsett. Frå bygging, og over på ekstra vedlikehald i ettertid. Når ein ser overskridingane på Rogfast, kan ein berre tenkja seg til kva som vil koma på Hordfast. På ei type bru som aldri har vore testa og bygd før.

Hordfast burde hatt ein trasè som seier: Kryssing av Langenuen i sør, med ein på indre trasé. Ein indre trasé er mykje meir fornuftig enn den som den blå-blå-grøne-gule regjeringa har lagt opp til. Då vil ein verkeleg leggja til rette for nytt industri- og byggjeland. I tillegg til at er det noko bergensarane ikkje har bruk for. Så er det meir biltrafikk over Danmarksplass. Lufta i byen mellom dei sju fjell er tung nok, som den er i dag. Ein kan mistenkje Hordfastleiinga, med Øyvind Halleraker i spissen, for at det som er viktig, er firefelts veg mellom Føyno og Flesland. Trasevalet med kryssing med flytebru over Bjørnafjorden, bør leggjast i nedste skuff, på det inste kontoret hos Vegvesenet. For aldri å verta teken opp igjen.

Det ingen vil snakka om.

Kva så med det som ligg mellom desse prosjekta? Det vert snakka om to fjordkryssingar. Men det er jo tre. For Bømlafjorden skal jo og kryssast. Og om standarden skal vera firefelts veg på Rogfast og Hordfast, så vil ein tru at det og skal gjelda frå Aksdal til Heiane og. Og då må ein ny Bømlafjordtunnel lagast. For ikkje å snakka om to tunnelar. Dagens tunnel held ikkje krava til stigning, som no skal vere på 5 prosent. Og om ein vel fire felt, så må ein byggja to tunnelar, etter nye krav frå Vegdirektoratet og EU. For ein skal ha ein parallell tunnel som rømmingsveg, i tilfelle ulukker. Og det kjem til å verta skamdyrt. Kan vere at det er difor det skal teiast i hel.

Når politikarane skal sjå på ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim, så må dei sjå på prosjekta under eitt. Ikkje dela det opp, slik som her. For då vert dei jo tvinga til å godta slike løysingar mellom to prosjekt, som her. Noko anna ein kan tenkja på, er om me i det heile treng firefelts veg over Stord og Tysnes. Om vegen vert bygd som motorveg kl. B,, med 90km/t som fartsgrense, så må det vere meir enn nok, skulle ein tru. Bygg vegen over Stord/Tysnes slik vegen er frå Stokkabekkjen til Folderøy. For det må jo ver den beste og finaste vegen i Hordaland.

Tenk dykk om, politikarar.

Jan Hevrøy,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut