annonse

Hordfast-påstandar og fakta

Provosert
Provosert: Lesarbrevskribenten reagerer på prosjektleiar i Statens vegvesen Signe Eikenes sine utsegn om Hordfast. Her er Eikenes saman med Øyvind Halleraker dagleg leiar i Hordfast. (Foto: OLAV RØLI / arkiv)

  • Meiningar

Signe Eikenes, prosjektleiar for E-39 Aksdal-Bergen, tek på seg rolla som folkeopplysar i eit innlegg sendt fleire aviser. I underteksten til ein illustrasjon av brua heiter det at ho gjev svar på påstandar og gjev faktagrunnlag for Hordfast.

Den underliggjande påstanden frå Eikenes er at ho har fakta; folket har ikkje nok kunnskap. Den eventuelle kunnskapen dei har, er bygd på utilstrekkeleg eller feilaktig grunnlag. Eg synest det er arrogant og nedlatande. Nokre vil og synast det «utidig» at ein offentleg betalt byråkrat driv propaganda for eit svært omstridd prosjekt.

Planleggjarane har «fått orden på» ting dei var usikre på, skriv Eikenes. Ho opplyser ikkje kva dei har «fått orden på» eller korleis. Kostnaden er redusert med 6–10 milliardar, 6000–10000 millionar. Korleis går det an å hevda at ein har «fått orden» på planlegginga og likevel operera med ein usikkerheitsmargin på 4 milliardar- 4.000 millionar?

Eikenes hevdar at indre trase er like dyr. Kanskje vil det visa seg at kostnadane også her kan reduserast ved nøyaktig planlegging og ved å «få orden på» usikre tilhøve? Brua over Bjørnafjorden har usikker teknologi og kostnad. Bruer og tunnelar via Fusa er kjend teknologi. Statens vegvesen har hatt ansvaret for mange prosjekt i Hordaland som har vist seg å verta mykje dyrare enn planlagt. Det er ingen grunn til å tru at dei vil greia å gjera eit betre arbeid med Bjørnefjord-brua. Bygging av Sotra-sambandet er planlagt å starta i 2020. Sambandet er planlagt å kosta 10 milliardar. I 2008 opererte planleggjarane med ein kostnad på 5,6 milliardar. Kostnadane har auka med 70 prosent.

Eikenes brukar omgrepet samfunnsnytte av ulike prosjekt. Det er abrakadabra og klanspråk som er utan meining for vanlege folk. Hordalendingar skal prisa seg lukkelege over at det er politikarar som ut frå overordna samfunnssyn har bestemt kor vegar, tunnelar og bruer skal byggjast, og ikkje byråkratar med sine økonomibaserte samfunnsnyttetenking.

Ny Sotra-bru og ny/utbetra veg Arna-Voss har tverrpolitisk og folkeleg støtte frå heile Hordaland. Hordfast, over Bjørnefjorden, har liten støtte frå Bergen og resten av fylket. Motstemmene er mange og sterke også i Sunnhordland og på Stord. Med ei meir moderat utbygging ville støtta frå resten av Hordaland vore mykje større.

Eg trur at Hordfast, via Fusa, med tofeltsveg med forbikøyringsfelt og 90 km /t vil verta bygd i løpet av 12- 15 år. Men det føreset at Regjeringa, Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen legg vekk prestisjeprosjektet over Bjørnefjorden.

Eg vonar eg tek feil, men eg meiner å hugsa at eg har lese at Eikenes og hennar planleggjarar har brukt ein halv milliard-500 millionar- på planlegging av traseen Ådland-Os over Bjørnefjorden. Det bør stoppa der.

Magne Misje,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut