annonse

«Hordfast samanlikna med Trekantsambandet»

VIL HA SØR
VIL HA SØR: «Gravlegg tankar om ei bru nord i Langenuen slik brua nord i Stokksund ein gong blei gravlagd», skriv Jan Helge Nesse. (Foto: Statens vegvesen)

  • Meiningar

Trekantsambandet er av fleire trekt fram som eit vellukka prosjekt i samband med argumentasjon for Hordfastprosjektet. Trekantsambandet var og er eit svært vellukka samferdselsprosjekt, men når det gjelder samanlikning med Hordfast, må dette avgrensast til kryssing av Langenuen og ein eventuell framtidig Sunnhordlandsdiagonal frå Tysnes mot Kvinnherad. Desse prosjekta er ganske like med omsyn til samferdsle.

Ser ein på historia om Trekantsambandet, så var det interessene til fraktebåtnæringa på Bømlo/Moster som dreiv fram dette alternativet, dessutan basert på Nitter sin ide om undersjøisk fjordkryssing. Statens vegvesen saman med politiske krefter på Bømlo og Stord hadde så langt arbeida for ei kryssing av Stokksund med kombinasjon av flytebru og høgbru mellom Sørstokken og Folderøy. Dette prosjektet blei endeleg gravlagd av ordføraren på Bømlo, Annemor Jensen, på eit folkemøte i kulturhuset på Stord 21.09.89. Under Statens vegvesen sin prestasjon av flytebrua frå Sørstokken, kom det ein kjapp replikk frå ordføraren: «Den brua skal ikkje ha landfeste i Bømlo». Det var det, sidan samla det politiske miljøet på Stord, Bømlo og Sveio seg om Trekantsambandet, men den gong også med forskjellige motaksjonar.

Det som gjorde Trekantsambandet vellukka var at dei politiske miljøa både på Bømlo, Sveio og på Stord la vekt på folkemeininga og næringsinteressene, og stod samla opp med sine syn inn mot Statens vegvesen og sentrale styresmakter.

Ser ein på Hordfast og kryssing av Langenuen, har næringslivet og kommunane i Sunnhordland også samla seg om kryssing i sør ved Jektevik. Her er det også nokre få som ynskjer kryssing nord ved Raunholm, eit alternativ som SVV har kalkulert til å vera marginalt billigare (ca 100 mill). Men dette blir no av nokon framstilt som at ein kan spare ca to milliardar på Hordfastprosjektet. Dette er svært misvisande, då dette talet i beste fall, berre betyr utsetjing av investeringar og ikkje kostnadsreduksjonar, om vegstandarden på prosjektet skal vera den same.

Jan Hevrøy: «Brukryssing av Langenuen»

Kva var då formålet med å snu brua ved Jektevik langsetter fjorden for å tole 110 km/t og gjera brua mykje dyrare, om vegane på Stord berre skal tole 80 km/t? Bygg heller brua etter gamle planar med 90 km/t slik at brua ved Jektevik blir mykje billigare enn brua nord med Raunholm. Då kan ein snakke om «sparing». Ser ein på alle fordelane på kort og lang sikt, kan det ikkje vera tvil om at ei bru ved Jektevik vil vera det einaste rette. Og det er heller ikkje ei bru i sør over Langenuen som eventuelt veltar Hordfast.

Ein har snakka så varmt for at ein må byggja vegar for framtida, då må ein også byggja vegane på Stord og brua over Langenuen for framtida, spesielt med tanke på at Sunnhordland vil vera i randsonen både mot Bergen og Stavanger og ikkje minst det nye Vestlandsfylket. SVV konkluderer også med at bru ved Jektevik er jamstilt med alternativet ved Raunholm. Kvifor skal nokon no skape eit inntrykk om at det er stor skilnad i kostnadene, som det ikkje er, på desse alternativa?

Sunnhordland sine interesser må vege ekstra tungt i Hordfastprosjektet. Dette må dei sentrale politikarane frå regionen, noverande og tidlegare, klare å selja inn til dei myndigheiter som gjer vedtak, i staden for å så inn eit bodskap om at det er det same for folk og næringsliv i Sunnhordland kor brua kryssar Langenuen. Det er det ikkje. Me ventar på ei tydeleg stemme frå desse i samsvar med Sunnhordland sine interesser. Sjå på kva som var suksess oppskrifta for Trekantsambandet og gravlegg tankar om ei bru nord i Langenuen slik brua nord i Stokksund ein gong blei gravlagd.

Jan Helge Nesse,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut