annonse

I desse tronge tider for økonomien

Kritisk
Kritisk: FrP-representant Odd Ståle Larsen er kritisk til prosessen i tvistesaka mellom Stord kommune og Forretningsbygg AS, kring parkeringshuset ved Amfi, og han stiller her spørsmål til kva som gjorde at Ap plutseleg snudde i saka. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

I samband med tvisten mellom Stord kommune og Forretningsbygg AS, stiller eg meg undrande til at Arbeidarpartiet no har valt å gå med på eit forlik i saka og slik dela ut millionar av sårt tiltrengte kommunale kroner. Eg vel å kalle dette sløsing med skattebetalarane sine pengar.

For dei av lesarane som ikkje kjenner saka, så dreier det seg om ein avtale Stord kommune (heretter kommunen) gjorde med Forretningsbygg AS (heretter FB). FB ynskte å utvide parkeringshuset ved AMFI-senteret på eit tilstøytande område eigd av kommunen. Dette ville føre med seg fjerning av 80 offentlege p-plassar ved kulturhuset. For ordens skuld, Forretningsbygg AS er, som sjølve Amfi-senteret, eigd av Olav Thon, og ikkje leigetakarane i senteret eller andre lokale forretningsinteresser.

Avtalane er for lange til å gjevast att her, men går i all hovudsak på fylgjande:

«Stord kommune selger den delen av sin eiendom, gnr. 38, bnr. 186 på Leirvik på Stord, på ca. 4 dekar. Kjøpesummen på det nevnte arealet er kr 3.200 000,- Kjøpesummen er i henhold til uavhengig takst».

Her kjem den mest vesentlege delen, som sjølve tvisten byggjer på, og som har skapt diskusjon for sjølve avtaleforståinga, pkt. 3 i avtalen:

«Endelig er det en forutsetning for gjennomføring av denne avtalen at alle parkeringsplassene i den nye bygningen skal være offentlige parkeringsplasser, som skal være tilgjengelige frem til minimum kl 23:00 alle dager i uken, og at Stord kommune får erstattet bortfallet av offentlige p-plasser på kulturhustomten. Erstatningen for bortfallet av de nevnte p-plassene skal skje ved at Forretningsbygg AS, eller den som til enhver tid måtte ha grunnbokshjemmelen til den aktuelle parsellen av gnr. 38, bnr. 186, betaler et årlig beløp på i utgangspunktet kr. 200.000,- i 25 år, som første januar hvert år blir regulert med endring i SSB sin byggekostnadsideks for boligblokk».

Handelen vart gjennomført og avtale signert 25.02.13. FB betalte som avtalt heilt fram til våren 2015. 30. april 2015 fatta kommunestyret vedtak om tidsavgrensa gratis parkering (maks to timar) på delar av parkeringsplassane i sentrum. Dette er grunnlaget for at FB slutta å betale. I samband med høyringa i saka gjorde senterleiar i Amfi Drift AS, Hans Martin Haavik, gjeldande at denne endringa (innføring av gratis p-tid) braut med avtalen pkt. 3 (sjå over). Haavik meinte at denne delen av avtalen fall vekk så lenge det er avgiftsfri parkering i sentrum.

Her er det eg må stille eit stort spørsmål: Kvar i avtalen pkt. 3 står det noko som helst om avgiftsbelagt parkering? Ikkje eit einaste ord om dette er nemnt, verken i punkt 3 eller i nokon annan stad i føresetnadene. Dette kjem eg attende til.

På dette tidspunktet hadde kommunen motteke innbetaling for til saman 283.333 kroner frå FB, etter dette stogga innbetalingane og kommunen hadde pr. 19.09.18 uteståande 604.904 kroner som var forfalle til betaling. Det har vore fleire møte mellom FB og rådmann, utan at partane har funne ei løysing. Kommunen sende sitt uteståande krav til namsmannen 15.06.18.

Då saka kom opp for kommunestyret fyrste gong 25.10.18 kom Ap med framlegg til vedtak etter rådmannen si innstilling, og oppfordra kommunestyret til å stemme for forlik. Eg hadde då eit innlegg der eg gjorde kommunestyret merksam på kor avvikande brevet frå FB sin advokat (Schjødt) var samanlikna med den gjeldande, faktiske, avtalen. Mellom anna poengterte eg at Schjødt brukte ord og uttrykk som på ingen måte viste att i avtaleteksten, for så å argumentere for at avtalen måtte forståast slik at den årlege betalingsplikta føresette avgiftsbelagde parkeringsplassar. Det trass i at dette ikkje var nemnt i avtalen med eit einaste ord. Innlegget mitt, samt innlegg frå Høgre, førte til at ein representant frå Sp bad om gruppemøte. Resultatet vart at Ap fristilte si gruppe og vårt (Frp, H, V og Sp) forslag om å stå på kravet og avtalen slik den var inngått, og at kravet som vart sendt til namsmannen vart vidareført fekk klårt fleirtal. Dette også med støtte frå fleire Ap-representantar.

Når saka igjen kom opp att (som referatsak) i kommunestyret 18.12.18, så har ikkje berre Arbeidarpartiet snudd i saka. Ordlyden i emneteksten er totalt forandra. Opprinneleg emnetekst: «Tvist om avtaleforståing – Forretningsbygg AS og Stord kommune». Ny emnetekst: «I samband med kompensasjon for bortfall av avgiftsbelagde parkering ved Amfi Stord».

Dette er direkte feil. Det er ikkje snakk om bortfall av avgiftsbelagde p-plassar, men bortfall av p-plassar. Det er vesentleg forskjell på avgiftsbelagde p-plassar og tvist om avtaleforståing. Dette er ei endring av emneteksten eg stiller spørsmål ved.

Eg kjenner også til at representanten for FB/sentersjefen, Hans Martin Haavik, er aktiv Ap-politikar i Stord – partisekretær og leiar av nominasjonskomiteen for kommunestyrevalet. Eg kan ikkje sjå at det har framkome nye opplysningar til kommunestyret i denne saka som skulle tilseie at Stord Ap no vil gje frå seg ein stad mellom 2,5-3 millionar kroner ved å sjå vekk frå ein gyldig avtale. Dette har ikkje Stord kommune råd til – og kvar er inndekkinga? Frå kva stad vil Stord Ap og dei andre bak vedtaket henta pengane frå? Det er snakk om bortfall av ei god inntekt for kommunen.

Eg, og fleire med meg, meiner at Stord kommune skulle stått på avtalen slik den var inngått. Avtalen vart heller ikkje imøtegått av den andre part sine advokatar, dei bad kun kommunen sjå på om ein kunne inngå eit forlik som kommunestyret no har gått inn for. Dette tyder i klårtekst at avtalar inngått med Stord kommune kan gjerast om etter ønske, krav og/eller truslar frå motparten. Det er ikkje bra, og ein må spørje seg om kva konsekvensane blir av slik politikk.

Odd Ståle Larsen,
Stord FrP

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut