annonse

«Ikkje alle kan gå på sveisekurs»

Nav
Nav: «Ikkje alle kan gå på sveisekurs heller, det må vera opent for meir personrelatert tilpassingar», skriv Bjørn Øystein Waage. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Svar til Magnhild Grov, Nav.

  • Meiningar

Eg har ingen intensjonar om å halda ein stafett om NAV. NAV har fleire ting som fungerer og fleire gode folk, men ikkje alt er bra.

Kor mange som har fått hjelp er eg veldig usikker på. Eigentleg beskreiv du godt det eg meinte. Det er mykje flott på papiret, men spør dei som har/er arbeidssøkjande dei siste 2 åra om kva dei meiner om NAV. Kanskje får du eit meir nyansert svar om NAV har fungert for dei? Ikkje alle kan gå på sveisekurs heller, det må vera opent for meir personrelatert tilpassingar.

Meiningar: «Nav og utdanning»

Lånekassen finansierer sei du, Det betyr at du som ligg nede må betale sjølv. (sei det som det er). Ja, store bedrifter får støtte til tiltak, det er jo bra, eg har ikkje sagt eller meint at det ikkje er noko som fungerer på NAV. Eg sa at folk på tiltak får meir problem med å få jobb etterpå. Dei er på papiret ute av køen, men har ingen jobb.

Nøkkelen kan vera å kommunisere meir med dei ledige, sjå personane bak, hjelpe dei med ting du kanskje synst er lett og dei slite med. Men no er jo alt lagt opp til at ein skal «gå inn på nettet så finne du det sjølv». Svaret er at «me kan ikkje hjelpe deg med dette.»

De må jo huske på at mange synest jo at det er flaut/nedverdigande å vera utan jobb, og ikkje vil ha noko NAV-relasjon i det heile. Så her har de ei utfordring. Eg set strek her eg.

Bjørn Øystein Waage

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut