annonse

«Ikkje legg ned personalbasen»

Debatt
Debatt: Stein Solvoll. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Ope brev til komité for rehabilitering, helse- og omsorg.

  • Meiningar

Mental Helse Stord/Fitjar er kjent med at Rådmannen i Stord, i budsjettframlegget for 2019, gjer framlegg om at døgntilbodet i Åkervikåsen skal avviklast. Me forstår det slik at butilbodet skal halda fram utan personalbase.

Mental Helse Stord/Fitjar reagerer sterkt på at enno eit tilbod til dei med mest behov og med få talspersonar for si sak vert redusert. Me viser til at kommunen i fjor reduserte tilbodet til brukarane av MARIS og Hamna kontaktsenter. Vidare at YSS vart teke bort i 2015.

I tillegg til å følgja opp dei som bur i Åkervikåsen, har personalet òg avlasting for legevakta, politiet, ambulant team, Apalvegen, PROBIS, MARIS og nattpatruljen. Me vil og peika på at med personale på huset så må det vera positivt sett frå nabolaget. Åkervikåsen er og overgangsbustad for dei som nyleg er utskrivne frå institusjon (ettervern). Forsking viser at det er i den situasjonen ein er mest sårbar og med stor fare for tilbakefall og overdose.

Det er eit paradoks at same dagen som kommunen fekk tildelt pris for god bustadoppfølging, så gjer Rådmannen framlegg om å leggja ned eit godt fungerande butilbod. Åkervikåsen er eit av butilboda til Stord kommune som har gode resultat.

Me spør oss og korleis Rådmannen har tenkt at denne brukargruppa skal få eit fullverdig og forsvarleg tilbod framover. Dette er ei brukargruppe som har rett på og trong for omfattande helse- og omsorgstenester. Ein viktig føresetnad er få tilsette med god kjennskap til brukaren og høg kompetanse når det gjeld hjelpebehovet. Om denne bistanden vert splitta opp på mange ulike fagpersonar, trur me at tenesta vert svekkja. Det som ofte viser seg er at manglande stabilitet ofte må erstattast med fleire tilsette. Mental Helse Stord/Fitjar har såleis ikkje tru på at kommunen i praksis vil spara pengar på denne nedlegginga. Utgiftene vil truleg dukka opp på andre budsjett.

Mental Helse vil minna om at då opptrappingsplanen for psykisk helse vart avslutta, så vart det og sagt at ved auke av midlar til helseomsorg og sosialtenestene, så skulle midlar til psykisk helse auka meir enn somatisk helse. Dette vart kalla «Den gylne regel». «Den gylne regel» er vidareført i dei to siste regjeringserklæringane.

Me vil og visa til at staten no har opptrappingsplan for rusfeltet. Me reknar med at Stord kommune får sin del av desse midlane. Kvar har dei teke vegen?

Så vil me minna om at pakkeforløp for psykisk helse og rus trer i kraft frå 01.01.2019. Her skal kommunane spela ei viktig rolle om samarbeid kring betre tenester på området. Betalingsdirektivet skal og gjelda frå 01.01.2019. Då treng kommunen eit breitt tilbod for å kunna ta i mot utskrivingsklare brukarar.

Me set vår lit til at komiteen finn rom for å attendeføra midlar til desse tenestene.

For styret i Mental helse Stord,

Bjørghild Sandøy og Stein Solvoll

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut