annonse

Ingen vindmøller i Grønafjellet

Seier nei
Seier nei: Hilde Hauglid i Stord SV vil ikkje ha fleire vindmøller på fjellet. (Foto: Anders Totland / arkiv)

  • Meiningar

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland skriv 5. april eit innlegg i Sunnhordland at ho er positiv til NVE sitt høyringsutkast om kor det kan byggjast fleire vindmøller på land.

Ho underbyggjer argumentasjonen for framtidig øydelegging av urørte område med at me treng fornybar energi.

Vestland SV har sagt nei til utbygging av vindmøller på land i urørte område. Ei av dei viktigaste årsakene til dette er at biologisk mangfald treng urørt natur. Utryddinga av artar er i dag dramatisk, og kan ikkje ignorerast.

Fortetting av eksisterande vindmølleparkar og utbetring av eksisterande vindmøller slik at dei produserer meir energi, er betringspotensial for vindmøller på land.

Effektivisering av vasskraft, energieffektivisering m.o.t. bygg, bruk av jordvarme, varmepumper til sjø, solceller på alle tak og vindmøller til havs er gode og framtidsretta døme på kjelder til fornybar energi.

Det er elles rikeleg energi for framtida i vind og sol. Denne energien må gjerast tilgjengeleg og nyttast på ein måte som ikkje fører til ytterlegare øydelegging av det biologiske mangfaldet. Øya Stord har ikkje råd til å ofra Grønafjellet for nye vindmøller. Dette både trur og håpar eg at Eskeland forstår. Saman med dei andre stortingsrepresentantane frå regionen reknar eg med ho vil gjera sitt for at planane om vindmøller i Grønafjellet aldri vert noko av.

Hilde Hauglid,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut