annonse

Inkluderande SFO

Meiningar
Meiningar: Tore Blokhus (Raudt). (Foto: Helge Hansen / Montag / arkiv)

  • Meiningar

Viser til innlegget «Hvor skal det investeres Stord kommune» som Øyvind Johnsen hadde på trykk i Sunnhordland 29/3. Johnsen kastar hansken og ber politikarar ta imot utfordringa og seie noko om SFO framover mot valet. Dette er ei takksam oppgåve for Raudt som har kampen mot forskjells-Noreg som si hovudsak.

Raudt Stord meiner at SFO prisane på Stord er urimeleg høge. Me ligg i noregstoppen på pris og gjev ikkje søskenmoderasjon. Kommunen arbeider for inkluderande barnehage, skule og SFO samstundes som SFO prisen gjer at lommeboka avgjer kven som kan delta.

SFO er ein viktig sosialiseringsarena, og ei viktig oppgåve for det offentlege er å leggje til rette for gode felles arenaer og oppvekstkår for born og unge. Slik prisnivået i Stord kommune er no vil mange måtte tenkje seg om før dei nyttar SFO. Månadsprisen er, som Johnsen viser i sitt innlegg, svært høg. Utan søskenmoderasjon vil det kosta 6614,- å ha eit søskenpar i SFO, noko som er belastande for dei fleste vanlege familiebudsjett.

Situasjonen er at det er få 4.-klassingar som nyttar SFO, og at talet på 3.-klassingar vert stadig færre. Det er naturleg å sjå dette som konsekvens av at familiar er nøydd til å rekna på kor lenge dei har råd til tilbodet. Åleineforsørgjarar og familiar med dårleg økonomi har vanskar med prisnivået, og at born ikkje kan delta i fellesskapet grunna familien sin økonomiske situasjon er uakseptabelt.

Ytre tilhøve som økonomi skal ikkje vera avgjerande når det gjeld om barn og unge kan delta i offentlege fritidstilbod.

Utanforskap vert ofte peika på som ei av dei største utfordringane samfunnet har. Det er eit nasjonalt problem, som me saman må løysa lokalt. Å nytta sjølvkost er ikkje velferdssamfunnet verdig. Å driva tenester for born på eit vis som kan fungera ekskluderande er grunnleggjande feil, og inneber at born og familiar kan få kjensla av at delar av fellesskapet vert gjort utilgjengeleg.

Me vil arbeida for:

• Rimelegare SFO. Avvikla ordninga med sjølvkost og arbeida mot å gradvis betydeleg redusera prisen.

• Søskenmoderasjon.

• At familiar med låg inntekt og barn med særskilte behov kan søka redusert betaling.

• At SFO er eit aktivt og inkluderande tilbod, som gjev rom for leik, utfaldelse og ro.

Raudt ynskjer gratis barnehage og SFO og vil støtta alle tiltak på vegen mot det. Det vil sjølvsagt ta tid, men lokalt ynskjer me å bidra til at ein alltid arbeider i den retning.

Tore Blokhus,
Raudt Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut