annonse

«Ja til Castberg»

Optimistiske
Optimistiske: Høgre-representantane frå Hordaland, Liv Kari Eskeland og Tom-Christer Nilsen, er nøgde med Statoil sine planar for Johan Castberg-utbygginga, og understrekar i dette lesarbrevet kor viktig dette prosjektet er for næringslivet på Vestlandet.

  • Meiningar

Endeleg kom den gledelege meldinga for arbeidsplassar, velferd og industri her i vest. Plan for utbygging og drift (PUD) for Johan Castberg-feltet vart levert frå Statoil til OED 05.12.17. I utbyggingsperioden vil dette gje 47.000 årsverk, og kvart einaste år i feltet si levetid vil det gje 1.700 arbeidsplassar. Mange verksemder frå Hordaland og Rogaland vil vera med i konkurransen om leveransar til denne utbygginga. Mange frå vår region vil ha jobb med å byggja og drive dette prosjektet, sjølv om sjølve feltet ligg langt mot nord.

Nokre vil meine at denne utbygginga ikkje bør skje. Anten fordi den er for langt mot nord, fordi vi ikkje treng olje og gass, av klimaomsyn eller fordi prisrisikoen er for høg. Dei vil då seie nei til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd. Dei vil også seie nei til industrien si framtid og vår kompetanseutvikling mot nye marknader.

No verkjer ikkje dette feltet på etterspørselen etter olje i verda, og difor vil verda sine utslepp vera om lag det same med eller utan dette feltet. Dersom ein vel å la vera å byggje ut feltet, vil difor ikkje det globale utslepp går ned. Kanskje tvert om, ettersom norskprodusert olje og gass har låge karbonavtrykk samanlikna med andre land si oljeutvinning.

Vil det vera lønsamt? Etter Goliat-diskusjonen vil nokre stille dette spørsmålet. Partane ville nok aldri ha bygd ut dersom ein ikkje såg lønsemd i prosjektet. Og sjølv om feltet har ei levetid på 30 år, og vi då er langt inne i Paris avtalen si nedbygging av globale utslepp, har ein konstatert at feltet er lønsamt.

For nokre år sidan snakka ein om kostnader på 80 dollar fatet for å byggje ut dette feltet. No er kostnadane nede i 35 dollar fatet. Dette skjer etter at leverandørindustrien og oljeselskapa har gjort ein av dei største effektiviseringane og omstillingane vi har sett. Denne omstillinga er svært viktig for den norske velferdsstaten. Den sikrar aktivitet på mange felt, og sikrar svært mange arbeidsplassar i Noreg, for ikkje å snakke om skatteinntekter til den norske velferda. 90 % av leveransane til dette feltet vil komme frå norske verksemder.

Estimat viser at feltet er lønsamt ifølgje alle dei mest anerkjende pris prognosar i feltet si levetid. Oljeprisen vil gå opp og ned på kort sikt. Dei prognosar som er laga peiker nesten utan unnatak på ein oljepris som ligg mykje høgare per fat enn kva dette feltet kostar å byggje ut. Og sjølv med oljepris relatert til prognosar i det nedre sjiktet er feltet lønsamt.

Dette feltet skal ikkje bli elektrifisert no, men blir tilrettelagt slik at dette kan skje seinare om det blir aktuelt. Årsaka er at det ligg så langt frå land (240 km) at det er meir fornuftig å nytte nye, effektive gassturbinar. Desse har ei verkningsgrad på 64 %, noko som er over det mange gasskraftverk på land ofte har (60%). Dermed blir det meir fornuftig å nytte delar av gassen til dette, i staden for å sende den til Tyskland for å brenne den der.

Nå er det opp til Stortinget. Til våren kjem PUD til behandling der. For Vestlandet, arbeidsplassar, industri og velferd er det viktig at Stortinget vedtek denne utbygginga. Høgre skal stemme for, og vil jobbe for at den går raskt gjennom, slik at arbeidsplassane og bestillinga til industrien vår kjem så snart som mogeleg.

Tom-Christer Nilsen (H),
Næringskomiteen

Liv Kari Eskeland (H),
Energi og miljøkomiteen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut