annonse

Ja til norske grønnsaker!

Grønt
Grønt: Lesarbrevforfattaren slår eit slag for norske grønnsaker.

Det du har på ditt middagsfat har ringverknader som strekkjer seg langt utover det enkelte måltidet. Difor vil vi i NN Bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker, skriv Bjørg Strømme.

  • Meiningar

For det første bør vi ete mer grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøkjing slår fast at 1 av 4 har fedme, og at eit mindretal av den vaksne befolkninga er normalvektige. Å auke inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst. 5 om dagen kan førebygge overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft,

For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsaksproduksjon har eit lavt klimaavtrykk. I tillegg har vi gode føresetnader for å dyrke grove grønsaker som kål, løk og rotgrønsaker i Noreg. Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og etast året rundt. Ved å velje desse, og andre typer norske grønsaker, kan du bidra til å redusere unødig lange transportetappar frå jord til bord med tilhøyrande klimabelastning.

For det tredje bør du velje norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. FN sitt bærekraftmål seier, blant anna, at vi skal jobbe for betre ernæring og fremme bærekraftig landbruk. Noreg kan bidra ved å produsere mest mogeleg næringsrik, trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspunkt i våre naturgitte føresetnader.

Sunnhordland på leiarplass: Aukande merksemd om lokal mat

16.oktober er det Verdens matvaredag, og vi i NN Bygdekvinnelag vil bruke dagen til å feire dei norske grønsakene. Om du, som oss, er opptatt av å ete sunt, norsk og kortreist inviterar vi deg til å vere med, og seie: Ja til norske grønsaker!

Bjørg Strømme,
Hordaland Bygdekvinnelag

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut