annonse

– Jern kan nyttast til mykje

Skapar debatt
Skapar debatt: Modellen av torgkunsten «Den høgreiste og havet» står utstilt i kommunestyresalen på Leirvik. Modellen er laga av Jørund Fjøsne, og den syner ikkje dei heilt korrekte fargane. Målestokken skal vera korrekt. (Foto: Marius Knutsen)

Det er fint at det debatt om nye kunstinstallasjonar i sentrum. Det er slik det skal vera, kunst skal vekkja diskusjon og nyfikne. Men så er det ein gong slik at også kunst kan bli malplassert, skriv Håvard Hystad.

  • Meiningar

For å svara Oscar Ingebrigtsen på hans to spørsmål, kan eg på det første svara nei. For sjølvsagt kan jern – uansett kva det har vore nytta til før verta smelta om og nytta i m.a. kunst. Når eg nyttar nemninga skrapjern så har det samanheng med at det faktisk er henta frå ein skraphaug, berre børsta litt støv av, gjeve eit strøk måling og stabla på ein ny måte.

Eg kan ikkje sjå at eg nokon gong har nemnt Stavanger si kåring som europeisk kulturhovudstad i mine innlegg. Men ynskjer du mitt svar på det, så er det at eg meiner Stavanger i 2008 gjorde ein god jobb, og dei har følgt godt opp. Skilnaden er at der fall dette inn i ein naturleg samanheng. Det gjer det etter mitt – og mange andre sitt syn – ikkje i Leirvik sentrum. Oscar nemner byar han har vitja i Danmark og lenger sør. Eg og har vore i Danmark, i Holstebro m.a., der dei og hadde flotte kunstinstallasjonar og kunstverk. Flotte ting som glei inn i miljøet. Her meiner eg kunstinstallasjonen på Torget er feil plassert. Medan det flotte klokketårnet på gravplassen i Frugarden talar «sitt språk» på ein naturleg og verdig måte.

Eg er elles samd med ein del av dei ideane Oscar Ingebrigtsen har presentert i tidlegare innlegg her i avisa. Men det er slik at desse framlegga (ikkje minst det med tak over gata) har vore drøfta tidlegare og forkasta av både politikarar og fagkunnige. Kanskje kan tida vera inne til kosta støv av nokre av desse planane/ideane også?

Det kan henda at Utsmykkingskomitéen har mistydd oppgåva si i denne saka. Dei løyste den med å leggja eit nytt lag svart asfalt som leverandøren i ettertid ikkje ville garantera for, då underlaget er for dårleg. Så plasserte dei ein alt for tung kunstinstallasjon på toppen av dette. Eg ville tru at det å utsmykka eit ope torg var å leita etter måtar å gjera dette til ein triveleg og fleksibel plass der folk kan samlast i kvardag og fest. For drøs, for underhalding, handel og ikkje minst litt større hendingar som 17. mai, handballfestival, ev. konsertar og stemne av ulike slag.

Slik eg ser det har eg heller ikkje tapt ei av favorittsakene mine, om trafikk gjennom Borggata. Den avgjerda politikarane tok var svar på mellombels opning medan arbeidet i Skrivarvegen går føre seg. Spørsmålet vil nok koma opp att i samband med revisjon av Kommunedelplanen. Det er heller ikkje ei «favorittsak», men ei sak eg ynskjer skal verta diskutert grundig, og med eit anna utgangspunkt enn at det er «kjekt å ha» ei gågate.

Og så berre eit par ord som kommentar til Atle Hansen sitt «innkjøpte» innlegg på ein annan lokal mediekanal, der han i kjend sarkastisk stil gjer sitt syn til kjenne. På meg og andre. Det er heilt greitt, eg kan tola ein trykk, men i dette tilfellet trur eg han bommar litt. For det første så har eg vore kritisk til den store utbygginga i hamneområdet lenge. Den gigantiske bygningen i Borggata var bygd for mange år sidan – og var «in» i den perioden.

Så til kunsten: Når Hansen er så kritisk til skulpturen utanfor Rådhuset, kan det kanskje ha samanheng med at han heller ville hatt stillasarbeidarar oppe i høgda med selar og hjelm? Utanom Hansen sin karakteristikk av «apene» har eg faktisk tala høyrt lite kritikk, men ros frå tilreisande over monumentet. At kommunen har late trea veksa seg for høge er ei anna sak.

Og heilt til slutt: Eg treng ikkje «skjønna» all kunst eg ser. Men når det er trong for bruksrettleiing for å forklara at resten av verket ligg nokre hundre meter vekke – i ein park – vert det litt for vanskeleg for meg. Ja, kunst skal provosera, skal setja tankane og fantasien i sving. Så kan ein tolka det slik ein vil. Men når det gjeld utsmykking av ein offentleg plass bør det falla naturleg inn. Det gjer diverre ikkje «Den høgreiste» (som no vert vesentleg lågare). Installasjonen er fin den – om han berre finn sin rette plass. Og ikkje treng verta forklart for politikarane på ein minimodell, der konsulenten ligg på alle fire.

Og så vonar eg Atle hadde ei like god oppleving som meg på jazzkonserten i Kulturhuset søndag 8. Og at musikarane levde opp til hans standard/forventningar.

Håvard Hystad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut