annonse

«Kan byggja ferjestø på Husnes»

Ferjesamband
Ferjesamband: Om kvinnheringar absolutt vil ha ny ferjestø, kan denne byggjast på Husnes. Så kan ferja gå mellom Husnes og Jektavik, meiner Atle Bjørn Mæhle. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

I Sunnhordland 28. februar 2018 gjer ordførar Gaute S Epland greie for kvifor det er viktig å laga nytt ferjestø på austsida av Stord. Epland fortel at hovudgrunnen til det nye utgreiingsarbeidet er «å korta ned reisetida mellom dei to regionssentera Leirvik og Husnes.»

Einaste løysinga er tydelegvis at då må ein laga ny ferjestø på Stord-sida. Men det er no ein gong slik at reiseruta mellom Leirvik og Husnes både er køyretid på veg og tid på ferja.

Kor lang tid ein sit på ferja, er også avhengig av kor fort ferja går. Ferja kan gå dobbelt så fort. Då vert tida med ferja halvert.

Meiningar: «Ser de ikkje galskapen?»

Utanom ferjetida er reisetid med bil eller buss frå ferjestøa ein viktig faktor. Køyreturen frå Husnes til Ranavik er den lengste turen.

Dersom kvinnheringane absolutt vil ha ny ferjestø, kan dei byggja det på Husnes. Då vil dei få ein ferjetur på vel 20 min til Jektevik med ei ferje som går like fort som ferja frå Sandvikvåg til Halhjem, og ein biltur til Leirvik på 12-13 minutt.

Atle Bjørn Mæhle

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut