annonse

«Kan sjå ut som kommunen manglar styring»

Stord Ungdomsskule
Stord Ungdomsskule: Sigbjørn Framnes (Frp) ramsar opp ei rekkje kommunale prosjekt som eit bevis på det som er manglande styring i kommunen. Stord ungdomsskule er eitt av prosjekta. Sjølv om anbodet på Stord Ungdomsskule var lågare enn kalkulert blei heile summen brukt i byggjeprosjektet. Kva har meirkostnadane blitt brukt til? lurer Framnes på. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Det har dei siste åra blitt klarare for fleire av oss at kommunen ser ut for å vera utan tilstrekkeleg administrativ styring. Det kan også sjå ut for at me har ei politisk leiing som ikkje ser denne utfordringa, og dermed heller ikkje evnar å gjera noko med dette bilete.

Eg nemner nokre saker som kan tyde på nettopp dette:

* Ein har ikkje evna å dra ned kostnader og identifisera effektiviseringsgevinstar.

* Innsparing i stillingsgruppa?

* Økonomisk effekt av tre-part samarbeidet? (dette blei lova i valkampen)

* Store prosessar sette i gang utan at ein kan sjå at det har medført noko som helst. Kan her nemne Stordpakken, miljøgate, bussterminal, ferjestø, barnehagestruktur, skulekrinsgrenser. Kor store er utgreiingskostnadene ?

* Kjøp av Seglneset, utan å ha bruk for eigedomen. Samrøring med hamnestellet og kjøp av tomteområde. Seld vidare med gevinst?!

Men mest tydeleg er det innan eigedom og forvaltning.

Etter valet var det ingen gode økonomiske grunner for å ta Stord kommunale eigedom KF tilbake som ei eining i kommunen. Dette kan ha ført til fleire uheldige føljer, med manglande kommunikasjon og ikkje like tydeleg ansvar for oppgåvene kan det virke som. Samtidig blei det vedtatt å også overføra vaskinga tilbake til kommunen. Sakene blei haste vedtatt dei første månadane i denne valperioden.

Nokre konsekvensar dette kan ha medført:

* Manglande eigarskap og prosjektstyring av viktige prosjekt

* Uavklart ansvar mellom kommunal leiargruppe, eigedomsavdeling og prosjektleiing

* Ansvarsforhold for vedlikehald meir utvatna

* Vasking meir styrt av økonomi enn kvalitet

Korleis kan ein påstå noko slikt:

* Sjølv om anbodet på Stord Ungdomsskule var lågare enn kalkulert blei heile summen brukt i byggjeprosjektet. Dette sjølv om politiske signal var å prøve å spare om mogeleg. Kva har «meirkostnadene» blitt brukt til?

* Vedlikehalds etterslepet på bygg ikkje godt nok kartlagt, kven bestiller eventuelt utbetring? Sist ut er symjebassenget i kulturhuset, der me i seinare tid har investert store summar, for no å få melding om at heile anlegget kanskje må sanerast. Bakgrunn, manglande vedlikehald!

* Prosjektstyring i to «ulike» organisasjonar, kan virke som om framtidig vedlikehald kostnader ikkje er tatt omsyn til i vedlikehaldsbudsjetta.

* Ekstern brukargruppe ikkje godt nok integrert i prosjektgruppa for Nysæter U.sk og fleirbrukshall.

Prosjektstyring

I Stord kommune er det eigedomsavdelinga som skal ta seg av større prosjekt. Men mykje tyder på at rådmannen, og hans stab, tar dei største prosjekta i startfasen, slik er det i prosjektet på Nysæter ungdomsskule og fleirbrukshall.

Blir politiske signal følgd opp? Eller blir prosjekta styrt i retning slik administrasjon ynskjer at dei skal bli?

* Konsulentrapport for rehabilitering av Stord ungdomsskule blei omskriven/redigert før politikarane skulle vedta form for denne utbygginga.

* Før politisk vedtak om løysing for idrettshall i Sagvåg, blei parkerings arealet blåst opp for hallkomiteen sitt alternativ.

* Plassering av prosjektet var gitt då deler av eksisterande skule skulle integrerast i nytt bygg. Kva blir løysinga? Riving?

* I politisk bestilling frå fleirtalet blei det korrekt bestilt eit prosjekt med fleirbrukshall. Men prosjektgruppa hadde utarbeida eit funksjons- og romprogram, vedtatt i prosjektgruppa september 2017, der basishall var del av bygget. Det er dette dokumentet som blir «bestillinga» til arkitektane. Denne er nok diskutert i politisk leiing, men ikkje presentert, så langt som eg kan huske, til alle politikarane.

* Dette er årsaka til usemja me har kunna lest om i lokalavisene, mellom rådmann og ordførar.

* Mykje tyder igjen på at prosjektleiar har endra innhaldet i premissane for nytt bygg, slik at bygget kjem til å bli slik administrasjonen ynskja i utgangspunktet. Ein ny skule med maksimum ein fleirbrukshall!

Igjen blir tilliten sett på prøve! Har ei klar formeining om at administrasjonen skal utføra det til ein kvar tid sitjande politiske fleirtalet vedtek. I den siste saka forventar eg at rådmann ryddar opp, om bygget blir utsett eit halvtår er ikkje det springande punkt. Det viktigaste i denne og andre saker er å ta innbyggjarane og brukarane på alvor.

Påstanden i overskrifta står eg for og har ein klar formeining om at administrasjon samt politisk leiing må rydda opp. Skattebetalarane i vår kommune må kunna forventa at leiinga i kommunen bruker våre felles midlar på ein klok måte!

Sigbjørn Framnes,
gruppeleiar Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut