annonse

«Kjenner oss ikkje igjen i omtalen»

Kjenner seg ikkje att
Kjenner seg ikkje att: «Me kjenner oss ikkje igjen i innhaldet i denne omtalen, og meiner det ikkje stemmer overeins med fakta me har presentert om anlegget», skriv Jan Kåre Pedersen i SNG. (Foto: Per Egil Larsen / arkiv)

  • Meiningar

Sunnhordland Naturgass registrerer at det planlagde biogassanlegget og eventuelle konsekvensar for naboar blir omtalt hyppig i lokalmedia og på sosiale media. Me kjenner oss ikkje igjen i innhaldet i denne omtalen, og meiner det ikkje stemmer overeins med fakta me har presentert om anlegget. Det stemmer heller ikkje overeins med kva den eksterne ROS-analysen konkluderer med.

Det planlagde biogassanlegget vil ikkje medføra luktproblem for naboar ved normaldrift. Ved spesielle og sjeldne uønska driftshendingar ved anlegget kan det oppstå lukt i kortare periodar. ROS-analysen har identifisert ulike slike hendingar som kan oppstå, men anslår at dei vil oppstå med så lav hyppighet som 1 til 10 år mellom kvar hending.

Me gjorde greie for det planlagde biogassanlegget i eit lesarbrev i Sunnhordland 18. mai 2018. Det er ingenting som har endra seg sidan då, og me står fullt inne for det som vart presentert der.

Sidan me erfarer at det no sirkulerer feilaktig informasjon om biogassanlegget, vel me å publisera dette innlegget på nytt.

Lesarbrev i Sunnhordland 18. mai 2018:

Den planlagde etableringa og tilrettelegginga av biogassproduksjon på Stord er ikkje berre ei framtidsretta industri og eit viktig bidrag til oppnåing av miljømål for kommunen, men òg ei sikker og god form for næringsutvikling.

For å få godkjenning til å både byggje og drifte eit biogassanlegg, er det mange organ som skal godkjenne og følgje med på at lover og forskrifter vert følgt. Blant desse skal mellom anna Klima- og forureiningsdepartementet (Klif), fylkesmann, plan- og bygningsloven, Direktoratet for byggkvalitet (DIBK), Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), kommunalt brannvesen, kommunal reguleringsplan og mattilsynet godkjenne at anlegget samsvarar med regelverk, og at det vert drifta på ein forsvarleg måte. Sentralt i dette er analysar av risiko og sårbarheit (ROS). Me kan med andre ord ikkje setje i gong ein byggjeprosess og drifte eit anlegg som ikkje er godkjent og forsvarleg i samsvar med lover og forskrifter.

Dette er godkjenningar som må på plass for å få setje opp anlegget. I tillegg kjem retningslinjer som mellom anna er skildra i Internkontrollforskrifta, for korleis anlegget forsvarleg skal driftast.

Vår produksjonsløysing er såleis underlagt eit strengt og omfattande lovverk som skal prøvast av kvalifiserte fagfolk før utviklinga og driftinga av anlegget kan starta. Me vil i det følgjande tilføre nokre fakta til diskusjonen som forhåpentlegvis vil bidra til ei betre forståing av kva me prøver å etablera.

Transport av biologisk nedbrytbart materiale og slam til biogassanlegget skal føregå på ein måte som påverkar nærmiljøet i minst mogeleg grad. Alt avfall skal verta transportert og levert til biogassanlegget i tankbilar eller i tette containerar som ikkje slepp ut forureina vatn eller lukt, og containerane må vera utrusta for tilkopling av pumpeslange. Transporten vil skje innanfor normal arbeidstid.

Teknologien er bygd på gamal teknologi, men sett saman på ein ny måte. Dette gir oss ein teknologi med utgjæring av avfallet i ein innelukka og hurtiggåande prosess. Prosessen vil skje i små reaktorar som ikkje lagrar gassen, men som produserer gass kontinuerleg. Denne gassen vert ført direkte ut til eit oppgraderingsanlegg og inn i leidningsnettet vårt her på Stord. Det er ingen råtnetankar som typisk vert nytta i samanliknbare anlegg. Den gassen som ikkje vert nytta i leidningsnettet på Stord vil verta lagra på ein LBG-tank, og transportert i tankbil til eksempelvis bussar i Hordaland. Me har òg ynskje om å byggja fjernvarmenett på Stord, der biogass vil verta tilført varmesentralen via det utbygde røyrnettet, og nytta som ei energikjelde.

Gassen i bioreaktorane vil aldri vera under trykk, og den vil difor ikkje vera ei kjelde til eller til fare for eksplosjon.

Ved å nytta denne teknologien har me ein mykje større kontroll på prosessen, og kan straks avbryta produksjonen dersom det oppstår driftsforstyrringar i ein eller fleire av reaktorane. Då vil råstoffet som er i reaktorane verta pumpa tilbake til råstofftankane. På denne måten unngår me behovet for å brenna gassen ved driftsforstyrringar. Me kan avbryta produksjonen av metan. Dette er ikkje mogeleg dersom det er råtnetankar på anlegget, slik me kjenner til frå andre biogassanlegg.

Totalt gjev dette ei sikrare drift, der dei ulike prosessane er enklare å styre, som igjen minskar risikoen for uønska hendingar.

Lukt har me ei sjølvpåtatt nulltoleranse for, og dette vil me oppnå gjennom følgjande tiltak:

a) Forskrifter og vegleiingar mot lukt frå produksjonsanlegg vil verta følgt, og rutinemessige kontrollar vil verta føreteke av både verksemda og offentlege instansar.

c) Prosessen med utgjæring av avfallet er ein innelukka, hurtiggåande prosess i små reaktorar som ikkje lagrar gassen, men som direkte fører den ut i leidningsnettet. Det er ingen råtnetankar som typisk vert nytta i samanliknbare anlegg.

d) Me har ikkje planar om ein produksjonshall som må ventilerast utover det som er vanleg i industribygg. Det skal vera eit godt arbeidsmiljø der ein ikkje må vernast mot lukt eller skit. Heile anlegget sitt produksjonsmiljø er ein lukka prosess.

e) All påfylling til tankar vil skje via ei lukka røyrtilkopling.

f) Tilkoplingane vil verta utstyrte med ventilar som vert lukka ved eit trykkfall, slik at ein eventuell lekkasje vil stoppa utpumping, og slik hindra utslepp.

g) Mogeleg avfall vert samla opp gjennom lasting og lossing på ein oppstillingsplass med eit tett, fast og ugjennomtrengjeleg dekke.

h) Påfylling til lukka råvaretankar fører til overtrykk av luft, med tilhøyrande behov for utlufting. Dette er ei potensiell luktkjelde. Som løysing vil me ha ein lukka kanalmetode. Trykket vert utjamna via lukka røyr til andre tankar. Eit eventuelt resterande overtrykk vil verta leia via røyr til eit biofilter. Dette vil sikra mot luktgjennomtrengning.

i) Biofilteret vert plassert inn i eit eige lukka bygg. Dette rommet vil verta utstyrt med overrislingsanlegg for å tilføra barken fukt, og på den måten treng ikkje biofilteret å stå ute i open luft. Rommet vil ha ventilasjon med påmontert kolfilter. Den lufta som då kjem ut av biofilterrommet, vil òg vera reinsa for «barkelukt».

Samla sett vil dette sikre at anlegget vil få ein luktfri biogassproduksjon.

Ei anna potensiell ulempe som er trekt fram, er mogelegheita for lukt ved uttransport av biorest. Det er dette som vert kalla biorestsuppe, eller våt kompost. Me vil behandla bioresten på ein anna måte enn det dei fleste biogassanlegg gjer i dag. Dette vil skje gjennom bruk av rotasjonspressar som bidreg til at det ikkje vert biorestsuppe. Vatnet vert pressa av bioresten i denne rotasjonspressen, og me vil nytta det nitrogenhaldige vatnet til å produsere nye jordbetringsprodukt. I det tilfelle ei driftshending i behandlinga av biorest skulle oppstå, der utskiljing av vatn ikkje er mogeleg, vil me anvende den same tekniske innretninga som ved mottak av avfall og råstoff. Restprodukt i produksjonen vil då pumpast ut av anlegget til bioresttankane gjennom eit lukka røyr. Eit eventuelt resterande overtrykk vil leiast via kanal til overtrykksfilteret, som i tillegg er overdimensjonert for å sikra mot luktgjennomtrenging.

Slik kan biogassanlegget bli ein realitet

Ei rotasjonspresse som skildra over, er mellom anna sett i drift hos Frevar sitt biogassanlegg i Fredrikstad. Sluttproduktet er luktfri jord, godt eigna som jordbetring. Dette restproduktet ønskjer me svært gjerne at befolkninga i området nyttar seg av. Det vil kunne hentast på vårt anlegg, vederlagsfritt for private.

Dette gjev oss tryggleik for at anlegget vil vera organisatorisk og teknisk tilrettelagt på ein måte som ikkje medfører ulemper for nærmiljøet, snarare tvert om.

Brann- og eksplosjonsfare er òg gjenstand for risikovurderingar. Sikkerheitsavstanden og dei arealmessige avgrensingane skal vera oppfylt, og det er strenge krav til konstruksjonar. Området må vera klassifisert, bygningsmessige krav skal oppfyllast og brannvern og organisatoriske tiltak skal vera sett i verk. I tillegg skal det liggje føre instruksar og brannførebyggjande tiltak.

Regelverket og forskriftene som ligg til grunn skal sikra tryggleiken til dei som bur i området, men òg for bedrifta som etablerer eit slikt anlegg. Ingen, verken naboar eller dei som byggjer, ynskjer støy, brann, eksplosjon eller lukt.

Involvering av nærmiljøet på ein korrekt og ansvarleg måte er viktig for oss. Det vil verta utarbeidd ein lukthandertings- og kommunikasjonsplan. Det vil òg verta etablert eit system for klageregistrering, der eventuelle innkomande luktklager skal loggførast og behandlast. Me vil vera underlagt ei årleg rapporteringsplikt, som vil skapa ei oversikt over antall luktklager og vurderinga av desse. Årsaka til alle luktklager og -hendingar skal forklarast, og dei tiltaka som er gjennomført for å stanse utsleppet skal skildrast.

På denne måten sikrar me at alle naboar vert høyrt, og at deira rett til å varsle vert imøtekome.

Lokalisering av anlegget er alltid å føretrekkja så langt vekk frå næraste busetnad som mogeleg. Slik er det med all industri. Samstundes må plasseringa imøtekome krav til logistikk og tilførsel av produksjonsråstoff. Me har kome til ei god løysing ved å omlokalisera til Grunnavågen – dette gjev lengre avstandar til naboar og sikrar samstundes ei god plassering med tilgang til sjø. Det er fleire etablerte biogassanlegg som er i drift i dag, med endå tettare plassering til nabobusetnader enn kva tilfellet er i Sagvåg. Eksempel finn ein mellom anna i Rådalen i Bergen, Rambekk i Gjøvik og Bårlidalen på Eidsvoll.

Prosjekteringa og planlegginga gjer oss sikre på at alle organisatoriske og tekniske krav for anlegget er lagt til rette på ein måte som ikkje gjev ulemper for nærmiljøet. I tillegg vil prosjektet gjennomgå ei fullstendig miljørisikoanalyse, og alle godkjenningar skal vera på plass før produksjonen kan starte.

For Sunnhordland Naturgass,

Jan Kåre Pedersen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut