annonse

«Kjære politikarar, ikkje legg ned MOT!»

Åtvarar
Åtvarar: MOT-coachane undrar seg over kvaliteten i evalueringa, som no tilrår Stord kommune å leggja ned MOT-arbeidet i skulane. Biletet er frå budsjetthøyringane i fjor haust, då 10. klassingen Torgrim Grini Fjelldal var ein av mange som engasjerte seg for å behalda MOT. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Tysdag 28. mai kjem komite for oppvekst og utdanning til å vedta om Stord kommune framleis skal vera ein MOT- kommune. I anledning dette møte har det blitt laga eit evaluerings dokument med erfaringar kring MOT. Dokumentet er på førehand sendt til politikarane i denne komiteen. Evaluerings dokumentet tar for seg ei undersøking frå 2019 blant lærarar i ungdomsskulen. Dette er ei undersøking som fleirtalet av lærarar ikkje har delteke på. Undersøkinga nådde ikkje fram til fleirtalet før dette evaluerings dokumentet blei skrive. I evalueringa står det skrive at om lag 34 % av ungdomsskulelærarane har svara på denne undersøkinga. Ikkje rart denne svarprosenten er låg når undersøkinga ikkje når fram til dei som skal svara.

Vi undrar oss over kvaliteten på denne evalueringa. Den visar etter vårt syn ikkje røynda slik den er. Vi syns det er rart at ein skal konkludere om å leggje ned MOT ved å framskuva ei årleg undersøking og trekkje fram og tolke eit svar slik det er gjort her. Undersøkinga visar mellom anna at om lag 70 % av dei 34 % av lærarane som har svara meiner at MOT er eit godt verktøy for å arbeide med livsmeistring og god psykisk helse. Om lag 60 % av dei 34 % av lærarane som har svara er nøgde alt i alt med MOT. Men den einskilde lærar har ikkje det same eigarskapet som Coachane og ungdommane. Det har sin enkle årsak i at MOT-Coach er utøvar og ungdommen er deltakarar. Lærarane si stemme er viktig, men må vere ein del av datagrunnlaget i ei evaluering, og ikkje nærast heile datagrunnlaget.

Kven er det som har skrive dette dokumentet eigentleg? Veit dei kva MOT er? Kvifor er det ingen som har spurt ungdommen? Det er jo trass alt ungdommen som er brukarane av MOT. Er det ikkje vanleg at det er brukarane av ei teneste som gir evalueringa? I staden blir denne evalueringa laga av nokon som ikkje ser MOT frå innsida, har erfaring med og opplevd MOT-øktene. MOT er eit kurs i livsmeistring. Samstundes får elevane uttrykkje seg, bli tatt på alvor og høyrt. Dei får medverknad i ungdomsmiljøet sitt, noko som står i læreplanen at elevane skal få.

Sjølvsagt er ikkje MOT noko som alle elevar kjenner ein relasjon til. Men fleirtalet av ungdommen syns MOT er viktig. Dei seier MOT gjev rom for å reflektera og hjelpa dei med vanskelege val og situasjonar dei opplev. Ikkje minst kan komme til å oppleve. Det er jo nettopp det som er eit mål med MOT, livsmeistring. Tilvære som ungdom er ganske tøft og ein er veldig sårbar. Det er ein jungel av val og mogelegheiter der ute. Uvisse om ein vel rett eller kva ein gjer når det går gale, er utfordrande for ungdommen.

Kjære politikarar, me ber dykk så fint om å behalda MOT. Ein veit at det er eit spørsmål om økonomi oppi det heile. Ja, MOT kostar å gjennomføre. Men samstundes får elevar, foreldre, skule og samfunnet ein stor gevinst tilbake. Kanskje ein ikkje ser det fordi gevinsten kan ikkje målast i valuta eller resultat på eit papir. Ein kan ikkje vise det i fine presentasjonar og grafar på politiske møter. Opna auga, ein kan sjå det på dei flotte og engasjerte ungdommane me har.

Kjære politikarar de undrar sikkert over kvifor de må behalda MOT? Det er eit enkelt svar på det. MOT tar for seg tema som mellom anna drikkepress, netthets og å inkludera andre. Ungdommen får drøfta kva dei ville gjort i ulike situasjonar. Vi ser MOT-øktene er særs viktig for ungdommane. Det byggjer verdiar, haldningar og eit betre psykososial skulemiljø. For å forstå dette må ein nesten delta på ei MOT-økt. MOT er eit kurs i livsmeistring for ungdom. I eit samfunn der det er mykje press på utsjånad, prestasjonar og press på å vere best er MOT naudsynt å ha. Gjennom MOT lærar ein at ein er god nok akkurat som du er. Det er heilt greitt å ikkje vere best i alt og det er lov å gjere feil. Òg det er heilt greitt å følgje draumen ein har.

Men tilbake til oss vaksne og våre vurderingar. Kvifor har me ein så innmari stor trong til å uttala oss på vegner av ungdommen? Kva veit vel me om deira tankar og kjensler? Kanskje me burde stoppe opp og lytte til kva ungdommen har å seie? Kva opplevingar har ungdommen og kva har MOT gjort for dei? Det er det faktisk berre ungdommen sjølve som kan svare på. Men då må politikarane ta seg tid til å snakke med dei. Dei har faktisk mange fornuftige tankar og refleksjonar å komme med. Dei snakkar og uttrykkjer seg annleis enn oss vaksne. Men likevel, det er deira meining og det er deira kjensler. Dei uttrykte seg vel rimeleg klårt når dei to gonger har klart å fylla rådhussalen under tidlegare høyringar. Svaret dei gjev er jo krystallklårt. Me treng MOT! Ungdommen er framtida vår. Kvifor skal me heile tida kutta ned på deira tilbod i kommunen?

Så lurar vi på ein ting til. Kva vil det ikkje koste kommunen dersom ungdommane ikkje får kurs i livsmeistring som MOT? Fleire vil kanskje ta dårlege val og hamna i dårlege miljø? Fleire ungdommar vil kanskje kjenne meir på prestasjonspresset og bli påverka av dette psykisk. Det kostar det og! Det kostar ikkje berre pengar, men og skjebnar og framtid.

Tenk på det!

MOT-coachane

Trine Gravdal

Hans Petter Almås

Remi A. Sortland

Erling Abrahamsen

Hanne Flisram

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut