annonse

«Klubben betyr alt!»

Kjempar for klubben
Kjempar for klubben: Harri fritidsklubb har eksistert i 30 år, men no vil rådmannen leggja ned både denne og Litlabø fritidsklubb. Det likar ikkje denne gjengen, som måndag var på Harriklubben i Utbygdo grendahus. (Foto: Kjetil Østrem)

Torsdag 26. oktober starta som ein vanleg klubbkveld. Klokka 20 blei det innkalla til allmøte, då fekk me den utenkelege nyheita: Klubben vår er foreslått nedlagt i budsjettet.

  • Meiningar

Ka skjer?

Harriklubben er og har vore ein sosial møteplass for ungdom alderen 13–18 i 30 år. Harriklubben er ein klubb som er heilt fri for presteringspress. Me treng ikkje å bevise noko, for på Harri kan du vera deg sjølv. Blant skule, sport og sosialt liv elles kan det bli mykje press, men her gløymer ein alle desse problema og kan berre ha det kjekt. På Harriklubben er me mange som slit både på skulen og sosialt, men her får me eit slags pusterom og ein pause frå kvardagen. Me har mange medlemmer som ser på Harriklubben som ein måte å komme seg meir ut av huset. Utan denne fritidsklubben kjem ungdommar seg mindre ut (spesielt dei som ikkje driv med noko helst slag av fritidsaktivitetar). Klubben er ein plass der du møter nye folk og utviklar nye vennskap.

Klubben tek oss med på mange forskjellige utflukter og aktivitetar. Desse turane/aktivitetane får oss til å bli betre kjent med folk frå andre klubbar og får oss til å lausrive oss frå mobilar og får oss til å vera sosiale. Opp gjennom åra har klubben/klubbane teke oss med på skiturar, bowling, kino, paintball og mykje meir. Og om klubben blir lagt ned - kven skal då ta med oss på turar?

Les også: No slåst dei for fritidsklubben sin

Me veit at alle vaksne eigentleg veit kor viktig eit slik ungdomstilbod er, men alt er styrt av pengar og no ber me dykk om å tenkje fornuftig. Ver så snill å ta oss på alvor og lat oss behalde møteplassen vår!

Klubben betyr alt!

På vegner av brukarane av Harri fritidsklubb,

Karina Vinje,
Vilde Hillestad,
Odin Iversen,
Kjell Landa,
Jane Sørheim
Jørund Eldøy

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut