annonse

«Konsekvensen er ein markant nedgang i kontakten»

Rask realisering
Rask realisering: Lars Solberg (biletet) og Anne-Grete Sandtorv har dårleg tid med å tetta kontakten mellom Kvinnherad og Stord. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Fram til 2001 gjekk ferja frå Kvinnherad til Leirvik hamn. Etter kvart vart det gamle ferjestøet ikkje lenger i stand til å ta imot auken i trafikken.

Ei mellombels løysing vart Skjersholmane som låg ubrukt etter opninga av Trekantsambandet. Det var ein føresetnad for vedtaket at dette var ei mellombels løysing, men 17 år seinare ventar me framleis på ei permanent løysing. Reisetida mellom Sunde og Leirvik har auka med 20 minutt, og er i dag på éin time.

Sida 2008 har kommunane arbeidd med å finna ny ferjestø-lokalisering for å korta ned sambandet, og fleire alternativ har vore utgreidd, utan at ein har komme til ei avgjersle.

Konsekvensen av det dårlege ferjesambandet er ei markant nedgang i kontakten mellom våre to kommunar. Dette er ei uønskt utvikling som svekkjer heile Sunnhordland, og spesielt Leirvik/Stord som trafikknutepunkt og regionssenter. Samstundes ser me at bilparken i same periode er firedobla.

Næringsliv og industri i Sunnhordland er heilt avhengig av ein fungerande infrastruktur som samlar regionen. Dette er viktig for mobiliteten i arbeidsmarknaden, men like viktig er det at Sunnhordland står fram som ein attraktiv region for å trekka til seg kompetanse og leggja til rette for utvikling.

Me treng ein effektiv påkopling av Kvinnherad mot kyststamvegen E39, som samstundes bind Sunnhordland tettare saman. Det er avgjerande at ein no finn ei løysing som kan realiserast raskt.

Det er på høg tid det no vert ei løysing som gjer oss tilbake den tette kontakten som er så viktig for vidare utvikling av industri og samfunnsliv i regionen.

Om kort kjem det ei utgreiing frå Hordaland fylkeskommune om Kvinnherads-sambandet, med ei anbefaling frå dei som kan veg, ferje og samband. I etterkant kjem jobben for dei som skal få det til å skje – dei folkevalde i Stord og Kvinnherad. Dette blir deira besøkstid!

Me vil ha eit samband med kortast mogeleg reisetid!

Me vil ha ei så rask realisering som mogeleg!

Me er optimistar på vegner av ei god løysing for eit effektivt samband mellom Stord og Kvinnherad!

Industriklyngja i Sunnhordland v/ Lars Solberg og Stord Næringsråd v/Anne-Grete Sandtorv

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut