annonse

Korleis behalde tingretten i Sunnhordland?

Sunnhordland tingrett
Sunnhordland tingrett: At tilboda ligg til Stord har med geografi å gjera. Saka handlar ikkje om tingretten skal liggje på Husnes eller Stord, men om å finne ei løysing som er langsiktig og robust der me framleis har ein tingrett i Sunnhordland, skrtiv Stord Høre sin ordførarkandidat til det kommandee valet, Øyvind Kyvik. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Debatten om kvar Sunnhordland tingrett bør liggja går no for fultt. Stord Høgre har ei klar oppfatning av at ordførarar og politikarar i Sunnhordland må fokusere på å halde på dei gode tilboda me har i Sunnhordland. At tilboda ligg til Stord har med geografi å gjera. Saka handlar ikkje om tingretten skal liggje på Husnes eller Stord, men om å finne ei løysing som er langsiktig og robust der me framleis har ein tingrett i Sunnhordland. Stord Høgre meiner den beste måten me får det til på er følgjande.

Slå saman Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett med ei felles leiing, der ein beheld ei avdeling på Stord. Bakgrunn: Det blei i 2017 oppretta ein kommisjon som skal greie ut domstolane sine oppgåver. I mandatet til Domstolkommisjonen står det: «Det er i dag 63 alminnelige førsteinstansdomstoler, der mer enn en tredjedel er bemannet med to eller tre dømmende årsverk. I tillegg er det 34 jordskifteretter, nesten halvparten med ett eller to dømmende årsverk. Det er behov for endringer i denne domstolstrukturen». Forrige strukturreform førte til ein reduksjon av talet på tingrettar frå 92 til 66. Domstoladministrasjonen evaluerte denne i 2010 og sa då følgjande:

«For å gi bedre vilkår for god faglig og økonomisk drift anbefales at tingrettenes bemanning generelt bør være på minst 8-10 dømmende årsverk, og at det bør etableres flere store domstoler med 15-20 dømmende årsverk». Og om jordskifterettane sa dei følgjande: : «Her foreslås en minimumsbemanning på 9 årsverk, med en grunnbemanning på 3 dommere, 3 ingeniører og 2 saksbehandlere».

Når me veit at sorenskrivar Knut Gramstad går av til sommaren, vil det mest truleg verta sorenskrivaren i Haugesund som får i oppdrag å leie Sunnhordland tingrett. Så då er spørsmålet, skal me starte arbeidet med å slå saman tingrettane no, byggje ein langsiktig og robust tingrett sentralt plassert i Sunnhordland, eller sitje på gjerdet og vente til Sunnhordland tingrett sakte men sikkert blir lagt ned? Slår me saman dei to tingrettane, blir me ein sterk og god tingrett med betre ressursutnytting, betre fagmiljø, meir attraktiv arbeidsplass og me unngår habilitetsproblem, samstundes som ein beheld lokaliteten sentralt i Sunnhordland.

Så korleis får me til samanslåing til det beste for alle? Fyrst og fremst så må dei tilsette ved Sunnhordland tingrett og Haugaland tingrett vera positive til samanslåing. Då vil Domstoladministrasjonen kunne gjennomføre ei frivillig samanslåing før Domstolkommisjonen kjem med si innstilling. Sannsynet for at me då kan samlokalisere tingretten med jordskifteretten vil vere mykje større. Dette er også i tråd med vedtaket til Samarbeidsrådet i Sunnhordland.

Så vår konklusjonen er at Sunnhordland tingrett må gå i dialog med Haugaland tingrett med mål om samanslåing med krav om eiga avdeling i Sunnhordland. Dersom me ikkje gjer dette no, fryktar me at viktige arbeidsplassar kan gå tapt, tøffare konkurranse for våre lokale advokatfirma og eit svekkja tilbod for innbyggjarar i Sunnhordland.

Øyvind Kyvik

Stord Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut