annonse

KrF vil ikkje ha fleire vindmøller på Fitjarfjellet

SEIER NEI
SEIER NEI: – Fitjar KrF har tru på meir vindkraft både på sjø og land, men på Fitjarfjellet vil me ikkje ha meir!, skriv Bård Inge Sørfonn. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Illustrasjon)

  • Meiningar

Fitjar KrF og ordførarkandidat Harald Rydland meiner vindkraft er eit nødvendig og positivt bidrag til det grøne skiftet, men at Fitjarbuen har teke sin del av ansvaret. Vindparken på Fitjar er ein av dei største som så langt er bygd i Noreg. Difor seier me nei til fleire vindmøller på Fitjarfjellet.

Meldinga, som no er sendt til NVE med tanke på utviding av vindparken, tek for seg eit område med særs høge naturverdiar. På Stord er me vel 20000 innbyggjarar på ei forholdsvis lita øy. Me må sikra at dei som skal bu her etter oss og får gleda av å nyta friluftslivet i turterreng med høg kvalitet. Då kan me ikkje byggja ut Grønafjellet, Mosavassheio og Klovskarfjellet med vindmøller.

Vindparken i Fitjar har vist at eit lokalsamfunn kan få mykje positivt ut av ei slik etablering. Difor vil me gjerne tilrå andre lokalsamfunn å opna for noko vindkraft på areal der konfliktane ikkje vert altfor store i forhold til andre interesser.

Teknologien for vindkraft er i stadig utvikling. Vindparkar som vert etablerte i dag legg beslag på langt mindre areal for å produsera tilsvarande energi som dei som vart etablerte for få år sidan. I følgje omfattande og seriøs forskning produserer ei moderne vindmølle heilt rein energi i over 20 år, etter at den har brukt vel eit halvt år på produsera energien som skal til for å laga mølla, få den på plass og fjerna den etter bruk.

Fitjar KrF har tru på meir vindkraft både på sjø og land, men på Fitjarfjellet vil me ikkje ha meir!


Fitjar KrF
Bård Inge Sørfonn
Styreleiar og listekandidat nr. 2

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut