annonse

«Kronene strekkjer ikkje til i kommunesektoren»

Debatt
Debatt: I valet mellom kutt i velferdsgoda, og nokre hundrelappar meir i eigedomsskatt, trur eg faktisk at dei fleste vil vere med å betale når det er einaste utvegen. skriv Kjellbjørg Lunde. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Sigbjørn Framnes frå FrP påstår at eg skuldar på andre når eg, etter hans meining, ikkje klarar utfordringa som kommuneøkonomien gir oss. Han skriv dette som svar på mitt lesarinnlegg der eg viser til samanhengen mellom sentrale politiske prioriteringar og lokale konsekvensar. Dessutan påstår han at SV si «verktøykasse» må vere tom, og at føremålet er å førebu innbyggjarane på høgare utgifter/eigedomsskatt og dårlegare tenester.

Dette kan vere gode retoriske poeng, men har ingenting med røyndommen å gjere. Å opplyse om kva regjeringa og stortingsfleirtalet sitt kommuneopplegg fører til, bl.a. i vår kommune, har ingenting med ansvarsfråskriving å gjere. Posisjon som opposisjon arbeider intenst for å finne løysingar som kan hindre nokre av kutta, og sikre kommunen ein berekraftig langsiktig økonomi, uavhengig av kven som har regjeringsmakt. Men dette hadde vore lettare om eit anna politisk fleirtal hadde bestemt kommuneopplegget. Det baserer eg på historiske fakta, og m.a. det vi kan lese av regjeringa sitt budsjettforslag og dei alternativa opposisjonen har lagt fram, m.a. SV sitt.

Inntektssystemet for kommunane er kompliserte greier, samansett av mange ulike element som kan slå ulikt ut i ulike kommunar. Dei ideologiske skilnadene som Framnes peikar på, gjer seg gjeldande også i synet på kommuneøkonomien. Når ein ynskjer å privatisere deler av kommunen sine tenester, er det logisk å stramme inn i overføringane til denne sektoren, for å få politisk aksept for private løysingar. Påstanden er at dette blir betre og billegare.

Framnes ber meg dokumentere at dei raudgrøne prioriterer kommunesektoren høgare enn dei blåblå, dersom eg ikkje «godtar hans syn på fakta», som han skriv. Fakta er fakta, tolkinga kan vere så ymse, og ikkje alltid i samsvar med realitetane.

Eg held meg til regjeringa sine eigne dokument, kommuneøkonomiproposisjonen, statsbudsjettet, KS sine vurderingar, Fylkesmannen sine tal for kommunane i vårt fylke, og vår eigen administrasjon sine berekningar. Og sjølvsagt mitt eige parti sitt arbeid med inntektssystemet, kommuneopplegg og alternative statsbudsjett. Det blir altfor langt å gå inn på alt, men her kjem noko som er relevant:

Regjeringa hevdar i sine dokument at handlingsrommet er auka vesentleg i kommunesektoren 2014-2018, samanlikna med åra 2011- 2013. Det er ikkje rett, sidan dei» plukkar» år dei samanliknar med, og bl.a. let vere å vise til 2019 der det er budsjettert med mykje lågare vekst. Regjeringa sine eigne tal viser at realveksten i kommunesektoren sine frie inntekter for åra 2014 til og med 2019, gitt regjeringa sitt forslag i kommuneproposisjonen, vil vere 1.4 pst (oppgåvejustert vekst). Samanlikna med raud-grøn regjering var veksten då 1,8 pst. i snitt. Sidan dette dreiar seg om store summar er dette mange kroner, sjølv om prosentsatsen tykkjest liten.

Det er difor ikkje grunnlag for å hevde at handlingsrommet til kommunane er større no enn det var under den raud-grøne regjeringa.

I 2017 og 2016 hadde kommunane gode resultat. Dette kom bl.a. som fylgje av ei tilpassing til skattereforma i 2016, og var høge inntekter av såkalla eingongskarakter. Dette er pengar som kommunesektoren får, men som dei ikkje kan rekne med kjem til neste år. Auka i dei frie inntektene for 2018 til kommunar og fylkeskommunar vil i all hovudsak bli eten opp av den demografiske utviklinga, øyremerka midlar og auka pensjonskostnader. Kommuneopplegget er komplisert og samansett av mange ulike faktorar. Bl.a. får kommunar øyremerka tilskot på totalt 2,4 milliardar kroner for tildeling av oppdrettsløyve i havbruksnæringa. Dette gjer at realveksten blir god for kommunesektoren som heilskap, men at inntektene blir så skeivfordelte at mange vil liggje godt under snittet for inntektsauke. Regjeringa sine eigne tal viser at gjennomsnittleg årleg realvekst i kommunen sine frie inntekter for åra 2018–2019 er 0 prosent. Regjeringa legg med dette opp til at sektoren ikkje skal ha nokon reell vekst i inntekter i 2018 og 2019.

I dei siste åra er det blitt auka inntak av eigedomsskatt i kommunane. I 2016 tok kommunane inn 12,2 milliardar i eigedomsskatt og for 2018 er det berekna at ein skal ta inn 14 milliardar. Dette har gitt ei auke på 4,3 milliardar sidan 2014.

FrP vil avskaffe kommunane sitt høve til å ta inn denne skatten. Det ville i tilfelle innebere eit stort fall i kommunane sine frie inntekter, med store negative konsekvensar for tenestetilbodet. Difor har vi også døme på at FrP, når dei er i posisjon, også har sett seg nøydde til å både innføre og støtte vidareføring av denne inntektskjelda for kommunen.

I valet mellom kutt i velferdsgoda, og nokre hundrelappar meir i eigedomsskatt, trur eg faktisk at dei fleste vil vere med å betale når det er einaste utvegen. I alle fall til vi igjen har eit politisk fleirtal i regjering og Storting som vil auke overføringane til kommunane, og ikkje gje milliardskattelette til dei få og rikaste her i landet. Milliardar som kunne hindra dei kutt som vi står overfor som fylgje av dei prioriteringane regjeringa og stortingsfleirtalet har gjort.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut