annonse

Kryss for ei kvinne! Fordi kvinner kan!

Stem på kvinner
Stem på kvinner: Marita Vassnes og Lene Pilskog. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Det er 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. I kveld vil du sjå Lene Pilskog (AP) og Marita Vassnes (AP) i toget, og gjennom heile markeringa. «Kvinnekampen er fortsatt like aktuell som alltid. Sida kvinnene kjempa fram noko så grunnleggjande som stemmeretten i 1913 har mykje skjedd, men ingenting skjedde av seg sjølv», skriv Vassnes.

I byrjinga av 1900-talet var samskulen og lik undervisning viktige saker for kvinnekampen. Mange jobba hardt for rettane sine i forbindelse med ekteskap og arbeidsliv. Før det hadde ektemenn rett til å bestemme over konene sine. Borna tilhøyrde mannen, han fikk råde over kvinna si inntekt, og dei fleste avgjerdsla var det mannen som skulle ta. «I dag har me komen veldig langt, og kan smykke oss med tittelen som ein av verdas mest likestilte nasjonar», fortel Vassnes.

«Diverre ser me at kvinner sine rettar stadig blir utfordra. Ein kan oppleve å gå to skritt fram og eitt attende,» seier Pilskog.

Etter at den blåblå regjeringa i 2015 byrja å leike med arbeidsmiljølova, har ein sett at enkelte unge kvinner har blitt særleg utsatt i møte med arbeidslivet. Endringane opna opp for meir midlertidig tilsettingar, meir overtid, lengre arbeidsdagar, og lengre arbeidsperiodar. Dei kvinnedominerte yrkene i helsesektoren og opplæringssektoren har blitt eit særleg offer.

Det som skulle vere ein lettare inngang til arbeidslivet, har vist seg å gjere det vanskelegare for unge, nyutdanna sjukepleiarar eller lærarar å få seg fulltidstillingar og faste stillingar på lang sikt. Absurde stillingstorleikar som 9,5 % og 12,9 % gir sosiale konsekvensar, slik som aukande utryggleik, manglande moglegheiter for bustadlån og svekka tenestepensjon. «Dette er berre ein av mange utfordringar me kvinner må fortsette å kjempe mot», slår Pilskog til.

Med tanke på desse samfunnsmessige utfordringane, og rettane for kvinner, er det avgjerande at ein har politikarar som vil ta tak og løyse skilnadene i samfunnet. Studiar viser låg representasjon av kvinner i lokalpolitikken. Berre på Stord kan ein med stor skuffelse sjå at i Høgre og FrP si lokale partiliste er berre ein tredjedel av kandidatane kvinner. Av 32 kandidatar i Stord Høgre er berre 10 kvinner, og av FrP sine 21 kandidatar finn ein 7 kvinner.

«Me i Arbeidarpartiet er opptatt av at dei folkevalte skal reflektere dei me representerer, og har difor 50/50 fordeling av kvinner og menn på alle våre partilister. Men jobben er ikkje gjort der», seier Vassnes.

«Våre kvinnelege representantar brenn for å løfte Stord Kommune til vidare utvikling, og vil ta med seg mangfaldig bakgrunn og kompetanse», fortset Vassnes. Studiar visar at sjølv om ein har fleire kvinnelege representantar på ei liste, er det dei mannlege kandidatane som spring opp på lista og skyver damene ned. Det er fleire teoriar om kvifor, både kvinner og menn, tenderer til å krysse på menn.

«Vår oppmoding til valet 9. september er at du er bevisst på kjønnsbalansen i kryssa og slengarane dine. Og me oppmodar alle som er opptatt av likestilling til å ta del i 8. mars arrangement i dag», « God 8. mars!»

Kvinnelege listekandidatar for Stord Arbeidarparti:

2 Vassnes, Marita
4 Ankervold, Katrin Innvær
6 Odland, Marit Tislevoll
8 Abdallah, Susan Hassan
10 Aleksandersen, Astrid-Cecilie
12 Barane, Britt Nelly Hystad
14 Bjelland, Bente
16 Breistein, Gunnveig
18 Halstensen, Marte Rykkje
20 Moe, Inger Johanne
22 Reksnes, Britt Dagmar
24 Sandnes, Eli Lunde
26 Skorpen, Elen Aina
28 Stokken, Anett Hidle
30 Verpelstad, Asbjørg Hovland
32 Aamot, Trude
34 Aaserud, Monica Hauge

Lene Pilskog,
styremedlem, Vestland Arbeiderparti

Marita Vassnes,
kvinnekontakt, Stord Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut