annonse

«Kulturskulen og Spinae er ikkje motsetnadar»

Utfyller kvarandre
Utfyller kvarandre: Det foregår for tida ein aksjon for å redda tilbodet ved Spinae Company (biletet). Geir Angeltveit i Stord Venstre meiner Spinae og kulturskulen ikkje er konkurrentar, men at dei utfyller kvarandre. (Foto: Ingvild Eide)

  • Meiningar

Først og fremst ønskjer eg å rosa næringslivet og foreldra for den iherdige innsatsen dei har sett i gang for å redde Spinae. Det er godt å sjå at Magdalena har fått gløden tilbake, og støtta ho fortener.

Diverre har det i bakgrunnen blitt ein litt ufin diskusjon om Kulturskulen. Der ein samanliknar 250 plassar i Spinae til ev. 150.000,- offentleg bidrag, kontra dei 500.000,- som vart kutta i kulturskulen mot 20 tapte plassar. Den halve millionen medførte omplassering av elevar, auka takstar utover dei 20 som mista plassane sine.

Det er umogeleg å samanlikna kroner og elevplassar, då dette varierer enormt. Klasseundervising er langt meir «lønnsom» i den offentlege kulturskulen enn enkeltundervising i piano, slagverk eller blåseinstrument. Eit årsverk lærar i kulturskulen kan variera frå å ha 60 til 190 elevplassar. Og om me ønskjer korps, musikarar, dirigentar osb. så kostar elevplassane meir. På toppen av at me har svært kompetente adjunktar og lærarar med masterutdanningar i kulturskulen, som naturlegvis skal ha rett løn.

Kulturskulen og Spinae er ikkje motsetnadar, dei har ulike roller og tener ulike grupper og utfyller kvarandre. Det tener ingen å setta dei opp mot kvarandre. I Venstre støttar me både det offentlege kulturtilbodet og privat mangfald og initiativ. Populariteten til kulturskulen og Spinae visar at dette er noko borna i kommunen vil ha. Då er det vårt ansvar å tilby ein variert meny der alle kan oppdaga sine eigne kreative evner.

Kulturskulen på Stord har eit tilbod til rett over 20 prosent av borna i kommunen. Mot kommunar som ligg langt høgare. Venstre var einaste parti som fremja budsjett der me ikkje ønskre å skjæra ytterlegare ned i Kulturskulen. Som vertskap for musikktilbod ved både den vidaregåande skulen og høgskulen vår ser eg det som vår plikt å sjølv gje god grobotn for framtidas musikarar. Stord Venstre har eit mål om 100 nye elevplassar i den offentlege kulturskulen. Som skal skapa musikalsk fornøyelse, livsglede og underhaldning i framtida.

Geir Angeltveit,
ordførarkandidat Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut