annonse

«Kundaliniyoga»

Kollisjon
Kollisjon: «Ut frå dette er det vel ikkje så vanskeleg å sjå at kundaliniyogaen rett og slett frontkolliderer med kristendomen», skriv Jens Thoresen. (Foto: Marius Knutsen)

Kommentar til Jarle Langeland.

  • Meiningar

Jarle Langeland frå Stord underviser i kundaliniyoga. Eg må difor gå ut frå at når han skriv om yoga i denne avisa, er det kundaliniyoga han refererer til.

Han beroligar avisa sine lesarar med å skriva at yoga ikkje har noko med religion å gjera i det heile tatt, og at folk frå alle religionar kan praktisera dette utan å koma i konflikt med trua si. Noko nærare grunngjeving for påstandane sine gjev han imidlertid ikkje. Er det sant det han skriv?

På yogobe.com/no les me slik: «Målet med kundaliniyoga er å skape fullstendig tilstedeværelse gjennom å frigjøre kundalinienergi fra underkroppen. Ved å frigjøre blokkeringer skal energien, prana, stige opp gjennom hele kroppen.

En kundaliniyogaklasse starter ved at man synger et mantra. Deretter utføres en sekvens forhåndsbestemte posisjoner, kalt kriyas, bestående av langsomme eller raske repeterende bevegelser. Bevegelsene kombineres med pusteteknikker som anses å forsterke effekten. Klassen avsluttes med avspenning og meditasjon.»

«Mantra» er eit sanskrit ord som tyder «hemmeleg bodskap». Kor kjem denne bodskapen frå? Kven er han til? Det får ingen vita, for det er jo hemmeleg.

Gretha Dimmen, som er yogalærar og healer, skriv på bloggen sin at kundalinienergien er ein livsenergi som ligg nedst i ryggraden (tilsvarande området til dei indre kjønnsorgana hos kvinner) som ein slange som kveilar seg tre gonger rundt inn i bekkenet og bevegar seg opp gjennom ryggrada, og når denne slangen vert vekt (det skjer m.a. gjennom yoga), strøymer guddommeleg energi ut i kropp og sjel.

Gretha Dimmen skriv: «Kundalini er den kraften vi trenger for å forene kropp, sinn og sjel. Og her ligger hemmeligheten om å leve menneskelivet som guddommelige vesen (utheva her). I det hektiske og noe frakobla livet som mange lever i dag, er det nettopp denne guddommelige innsikten mange søker.»

Dette vesle utdraget frå to nettsider om kundaliniyoga (mykje meir kunne vore drege fram), seier oss at Jarle Langeland ikkje fortel sanninga i den korte utgreiinga si. Alt eg elles les om dette emnet stadfester at kundaliniyoga har eit religiøst innhald og eit religiøst føremål, nemleg sameining med Gud.

Det guddommelege i hinduismen blir gjerne forklart som positiv energi som skaper balanse, harmoni og overskot, og dette er noko som alle menneske har i seg, og det er snakk om å forløysa eller vekka det. Den delen av hinduismen som har slått gjennom i vesten, er panteistisk. Panteismen lærer at «alt er Gud» , og at det ikkje er noko skilje mellom skapar og skaparverk. Å bli sameint med Gud betyr berre å bli vaken for at denne sameininga alt eksisterer. For når alt er Gud, er me det også.

I Bibelen derimot les me at Gud er over og utanfor det han har skapt. Rett nok er han i skaparverket sitt, men han kan ikkje identifiserast med det, han er så uendeleg mykje meir. Me menneske er syndarar og i utgangspunktet utestengde frå samfunn med Gud, men i sin godleik gav han oss Sonen sin, den einborne, «for at me ved å tru på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv» (Johannes 3,16). Jesus Kristus er Guds gåve til verda, «og alle som tok imot Han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans.» (Johannes 1,12).

Yogaen fører deg til Gud i deg sjølv. Kristendomen fører deg til Gud slik han openberrar seg i mennesket Jesus Kristus.

Ut frå dette er det vel ikkje så vanskeleg å sjå at kundaliniyogaen rett og slett frontkolliderer med kristendomen.

Jens Thoresen,
pastor

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut