annonse

Kunst og trivsel i sentrum og i parken

Debatt
Debatt: Plassering av kunst på torget og i Vidsteenparken skapar debatt. Her kjem Oscar Ingebrigtsen med svar på tre lesarinnlegg, som stod på trykk i førre veke. Biletet viser kunstnarleg konsulent Jørund Fjøsne, som viser fram korleis det nye og forminska kunstverket vil sjå ut, til medlemmer i Komite for næring, miljø og kultur for to veker sidan. Frå venstre Mette L. Hauge (Frp), Geir Kannelønning (H) og Odd Stuve Rommetveit (V). (Foto: Marius Knutsen)

Svar på tre lesarinnlegg førre veke.

  • Meiningar:

Sigmund Kroka er djupt skaka over at det skal koma skulpturar laga av stål i Parken og hevdar at det er «sterkt i strid med vedtektene». I vedtektene for Venelaget heiter det (føremål):

* Parken skal takast vare på og utviklast som ein folkeleg innretta bypark til glede og trivsel for alle aldersgrupper – ein folkepark

* Parken skal gjennom planmessig og målretta oppgradering og fornying stå fram på ein estetisk vakker måte, miljømessig tilrettelagt og med element som fremjar trivselen

* Familien Vidsteen si gåve til folket i Stord kommune skal handterast med respekt for den testamentariske gåva, men likevel slik at Parken er med og fremjar bysentrum som eit attraktivt område de folk ynskjer å samla seg om kulturelle og helsemessig gode aktivitetar

Kor er konflikten? Skulpturane vil etter mitt syn bidra til både fornying, trivsel og kulturelle opplevingar. Og eg kan leggja til, Chr. Bang Vidsteen seier direkte i sitt gåvebrev til kommunen at «området skal være til forskjønnelse for Lervik».

Kunst høyrer sjølvsagt heime i einkvar park. Og sidan Kroka er i det strengt grøne humøret denne gongen, kan eg kanskje nemna at Parken ikkje er eit stykke urørt natur: Sunnhordland Museum har ni bygningar der, kommunen har tribune med sitjebenker og dessutan ein barnepark med hus og uteområde.

Når det gjeld Borggata er Kroka og eg meir på bølgjelengde. Difor hoppar eg til når han seier han håpar det nye Borggata Futurum ser andre løysingar enn eg gjer. Hallo Sigmund, eg vil jo absolutt ha bilfri gågate, gjerne lengre opningstider også og god kaffi. Eg vil til og med ha tak over gata. Her må eg få visa til avisartiklane (6 i alt) eg skreiv i lokalavisa i 2011, kalla «Meir trivsel for fastbuande og tilreisande». I den siste av dei, på trykk 14.11.2011, hadde eg tak over gågata som eit av fleire tiltak. Velkomen etter, Sigmund.

På slutten av innlegget sitt er Kroka på gyngande grunn (kanskje er han litt svimmel etter fabelturen med Noa’s Ark til Parken?). Han hevdar eg feiltolkar stemninga i byen, folk vil ikkje ha skulpturane. Mogeleg det, Sigmund, folk ville ikkje ha Storddøra heller i si tid, folk ville heller ikkje ha Fargegaten i Stavanger. Spør dei i dag, mange har stått fram og vedgår at dei tok feil. Kunst eignar seg sjeldan for fleirtalsvedtak.

Bent Rørvik stadfestar i sitt innlegg det meste av det eg hevda i mitt. Men kvifor ikkje då tenkja høgt omkring det å nytta resirkulert jarn (t.d. frå oljeindustrien) til å laga kunst? Det har jo fungert godt i Stavanger, som kreativt innslag då byen vart kåra til europeisk kulturhovudstad?

Kunst inneheld ofte symbolske element. Kan du tenkja deg eit sterkare symbol enn ein jarnbjelke, Bent, som symbol for Stord-samfunnet? Jarnbjelken har jo vore sjølve berebjelken i lokalsamfunnet vårt i generasjonar.

Når det gjeld ditt syn på Borggata, merkar eg eit tydeleg drag av nostalgi (du reiste i byrjinga av 80-talet). Svaret ditt er betre tilgjenge til gata, då kan alt bli som før. Sjølvsagt må det vera tilgjenge, men ikkje ved å opna gata for biltrafikk. Skal bilane parkera i sjølve gata og/eller på Torget? Dei som driv handel i gata har uttalt at opning for bilar i Borggata ikkje er løysinga. Det toget er nok gått for lenge sidan.

Apropos trafikkopen Borggate, øvre delen er jo køyrbar med bil i dag, men den er vel også den desidert mest folketomme?

Mitt forslag er (sjå artiklane mine frå 2011) at det bør byggjast romlege parkeringshallar i fjell, med opningar for gåande inn mot Øvre Borggata og Nedre Borggata. Det er framtidsretta, problemet er jo mangel på areal i bykjernen. Det vesle som er att i dagen bør ikkje nyttast til forureinande og trafikkfårleg biltrafikk. Den gamle gata er ikkje skapt for dagens biltrafikk.

Håvard Hystad tapte nyleg ei av favorittsakene sine, gjenopning heile av Borggata. No leitar han med lys og lykter etter slåande argument for å velta skulpturane. Komite for næring, miljø og kultur (NMK) får det glatte laget, det same gjer kunstnaren, kunstkomiteen og kunstkonsulenten. Eg lar det liggja, der ligg det best.

Eg vil likevel kommentera ein ting, det gjeld språkbruken. Som erfaren journalist veit Hystad sjølvsagt kor effektivt det er å nytta karakteriserande ord. Favorittorda hans er «jarnskrap» og «skraphaug». Det verkar som dette er det sterkaste våpenet hans, ettersom han nyttar det i tide og utide.

Metallet jarn er brukt svært mykje av kunstnarar, særleg til store skulpturar. Me har eit framifrå døme i nærmiljøet vårt, det nye klokketårnet på gravplassen i Frugarden. Ein nydeleg forma skulptur, av jarn, som får lov å rusta i fred. Klokkesøyla strekkjer seg elegant mot himmelen, ho «gløder» i kveldssola, når været er slik. Takk til dei som våga, å bruka jarn.

Eg ber Håvard Hystad svara på to spørsmål:

1. Meiner du, at jarn som tidlegare er brukt til andre føremål, ikkje kan nyttast av ein kunstnar til å laga nye kunstobjekt av?

2. Meiner du at Stavanger kommune aldri skulle ha vore kåra til europeisk kulturhovudstad i 2008, når dei, opp mot di suverene kunstforståing, var så på jordet at dei baserte eit av dei mest iaugefallande innslaga (Geoparken) på gjenbruk av «Jarnskrap» frå oljeindustrien?

Oscar Ingebrigtsen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut