annonse

«Kva er eigentleg ramadan?»

Framføring
FRmføring: Shahed Ghalyoun då ho presenterte oppgåva si om ramadan sist fredag. (Foto: Susan Abdallah)

  • Meiningar

Elevane i innføringsklasse ved Stord ungdomsskule hadde jobba sist med tema høgtider og mattradisjonar i Noreg. Dei fekk snakka om høgtider og mattradisjonar i heimlanda. På fredag 3. mai hadde vi temakveld på skulen. Elevane snakka både om skulen, klassen, det å vere ny i Noreg og til slutt var det om ei viktig høgtid i heimlandet, Ramadan. Tidspunktet passa perfekt fordi fastemånaden starta på måndag. Her er teksten eleven Shahed Ghalyoun skreiv og presentert på fredagens temakveld. Ho også klarte å svare på spørsmål om tema i slutten.

Susan Abdallah, kontaktlærar Stord ungdomsskule

Ramadan

Hallo alle saman. Eg heiter Shahed, eg er 14 år gammal. Eg kjem frå Syria, morsmålet mitt er arabisk. Eg kan også snakke fransk og lærer norsk. Eg kom til Norge for ca. to år sidan og no går eg i 9D. Høgtider er viktig i alle land. I dag skal eg snakke om ei kjempeviktig høgtid i heimlandet mitt, fastemånaden Ramadan!

Kva er Ramadan eigentleg?

Den er den niande månaden i den islamske kalenderen. Å faste Ramadan er den tredje søyla i islam. Difor er det ein spesial månad og kanskje den viktigaste månaden for alle muslimane. Det er ca. 400 millionar som fastar Ramadan kvart år. Vi faster frå soloppgang til solnedgang. Fasting i ramadan handlar ikkje berre om mat og drikke, det handlar og om sladring og baksnakking. Ein muslim skal ikkje sladra eller baksnakka andre i det heile tatt, men i Ramadan er det endå viktigare!

Men, skal alle muslimar faste uansett, kva med dei som ikkje kan faste?

Nei, viss ein har ein kronisk sjukdom, som for eksempel ein nyresjukdom, altså må drikke mykje vatn, dei treng ikkje faste. I staden for fasting kan dei gje pengar til dei fattige. Viss ein person er på reise over lang tid, treng han ikkje faste. Men her skal han ikkje gje pengar for dei dagane han ikkje faster, han må faste dei dagane seinare etter Ramadan. Kvinner eller jenter som har menstruasjon, faster heller ikkje, dei også må faste desse dagane etter Ramadan. Når kvinner er gravide eller ammar, treng dei ikkje faste. dei også må faste desse dagane når dei er ferdige med svangerskap eller å amma må dei faste desse dagane seinare.

Kva med barn? Når barn ser at foreldra fastar, vil dei også gjære det same, men det er ingen fasteplikt for barn. Dei kan prøve å faste vis dei vil. Dei treng ikkje faste heile dagen. Dei kan faste gradvis og ta pause når dei treng det.

Men når startar fasteplikta for ein muslim?

Når jenter og gutar er i pubertet så må dei byrje å faste som ein vanleg vaksen muslim.

Er det lett å faste i Noreg og Europa?

Nei, det er ikkje alltid så lett. I sommartid er dagen mykje lengre enn i vintertid, difor blir fasting i sommartid veldig vanskeleg for muslimar i Europa og særleg i Norge. Ramadan går ca. ti dagar tilbake kvar einaste år. For eksempel i fjor starta Ramadan, 17. mai. I år blir det i 6. mai. For meg er det vanskeleg men eg klarer det og gler meg til å faste Ramadan for kvart år.

I heimland har me tradisjonar for Ramadan. Vi pyntar gatene, lagar god mat. Desse er felles tradisjonar i mange land. slik blir det litt annleis i Ramadan. Alle merkar at det er Ramadan. Nesten som Noreg når er det jul og alt handlar om jul. Det saknar vi veldig i Europe. Fordi Ramadan månad er ein spesial månad for oss.

Mange har inntrykk at fasting er skadeleg for kroppen. Det er det ikkje. Fasting hjelper oss ha kontroll over kroppen. For eksempel, personar som er avhenge av røyking, kan slutte å røykje. Vi lærar å vere meir tolmodige. Fysisk og mental. det blir meir press på at ein ikkje lyg, ikkje sladrar og bak snakkar andre. Me må prøve å vere betre mot andre. Oppføre oss betre. Kroppen blir vant til å tole meir. Me reflekterer meir på korleis fattige folk har det, og me forstå kor viktig det er å hjelpe andre. Det er faktisk også ein av dei fem søylene i Islam. Alle i samfunnet skal hjelpe dei som treng hjelp. Kroppen vår verkar døgnet rundt utan pause. Fasting hjelper kroppen halde seg i stand. fasting blir nesten som årleg vedlikehald for kroppen. Vi verken dør eller blir sjuke av fasting

På måndag starta Ramadan. Har du ein muslimske nabo eller venn? Du kan gratulere han eller ho med å seie Ramadan Kareem!

Shahed Ghalyoun

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut