annonse

«Kva med å få ferjestøet tilbake til Leirvik?»

Sentrum
Sentrum: Kjell Larsen vil ha ferjeleiet tilbake att til Leirvik sentrum. (Foto: Kjell Larsen)

  • Meiningar

Eg er av den tru og oppfatning at om nokre få år vil det bli ferjefritt mellom Kvinnherad–Tysnes og hovudstaden Stord, spesielt viss kommunane i Sunnhordland kan verta samde om og slå seg saman til ein stor(d) kommune. (Sunnhordland kommune). Detta meiner eg kan også vera ei politisk vitamininnsprøyting for regjeringa og Storting.

Sjølvsagt må enn ha visjonar og målsetjing, i tillegg til ha trua på at eit ferjefritt samband mellom Jektavik–Hodnanes, og Kvinnherad–Stord, lar seg gjennomføre. Men føresetnaden er at det er grunnlag for det, og at det gir samfunnsmessige fordelar som er tenlege. Men det må openbart bevisstgjerast kor viktig det er å ha dei rette «døropnarane» inn til den politiske makteliten, i tillegg til forvaltninga. Dette må vere personar som har møtt og snakka med folk før, som har ein vinnande personlegdom som er smittsam.

Når det gjeld nytt ferjeleie som det skrivest og snakkast mykje om kor plasseringa skal vera på Stord, som sjølvsagt har stor betydning for kvinnheringane som dei er opptekne av. Stord er hovudstaden i Sunnhordland og «Vikjo» er knutepunktet innanfor samferdsel, i tillegg til at Stord er regionssenter for Sunnhordland. Det kan ein ikkje tru når ein så opplever den openberre mangel på fornuftige logistikkløysingar i sin heilskap innanfor samferdsel, anten enn skal ta båt–ferje eller buss. Som f.eks. når du skal på besøk til venner og familie på Husnes. Du tar hurtigbåten kl. 15.10, frå Stord til Sunde, men ingen busskorrespondanse. Ein kan ikkje reisa før på grunn av dine venner er på arbeid. Om ein tar sikte på å ta hurtigbåten tilbake til Stord, då blir det eit kjapt besøk. For den siste hurtigbåten for kvelden går kl. 17.25 frå Sunde, i tillegg til at det går ikkje hurtigbåt på søndags morgon eller føremiddag til Sunde. Viss ikkje då må ein nytte ferja med ingen busskorrespondanse verken frå Husnes til Ranavik, eller Skjersholmane. Eg vil tru at «austlandsfolket» aldri ville godtatt noko så lav-målt reise. Dette som gjeld reisekostnader me vestlendingane må betale i forhold til kva austa-folket må betale. Eks, med bil som du må ha med deg til Husnes. Vaksen kr 58.- bil kr 179.- 100.- bom. med retur kr 674.-totalt returen totalt 72km. Du må også inkludere noko drivstoff på denne turen.

Til samanlikning for austlendingane: Tog frå Oslo til Drammen kr, 112.-pr., pers, (2 pers) kr 224.- returen totalt kr 448.- totalt i km 84 og 33 min reise. Er dette rettferdig? Så eg vil tru her at Magne Rommetveit og Liv Kari Eskeland har noko å ta tak i på Stortinget.

Min fornuft tilseier at enn kan behalda Skjersholmane som eit bindeledd med ferje til Kvinnherad, men sjølvsagt med visse samferdselskrav som vil heve heilskapen innanfor samferdsel-dagane til ferdafolket. Setje inn 3 ferjer med kortare overgangstid til Sunde, som korresponderer med buss til kvar anløp. Halsnøy-folket, og dei som skal til «Basar-øya», kan naturleg nok bruka tunnelen på Sunde-sida. Den vegstandarden mellom Ranavik og gjennom Sæbøvik stettar ikkje dagens normale krav for den type trafikk som er der i dag.

Det å bruke Sunde som gir alle fordelar i motsett kva Ranavik gir, den «kamelen» må vegvesenet kunne svelga, om dei skal vera med på fornuftige løysinga for detta sambandet. Om vegvesenet meiner at dette vil fordyra det heila, i så fall må detta berre stå sin prøve. Ein kan i det «beste eller i det verste» fall leggje ei ekstra avgift til reisande. Alle som skal til Kvinnherad eller Stord, anten med ferja eller hurtigbåtane, kan også vera med på å betale litt meir avgift som kompensasjon for tapte inntekter for trafikken gjennom tunnelen. Men dette må me sjølvsagt prøve å unngå, ved at me har to personar på Stortinget.

Men om ein først bestemmer seg for å byggje nytt ferjeleie, må ein ha fornuftige løysingar, som byggjer på logistikk og kostnader. Og då må ein kunne ta i bruk gamle ferjeleiet på «Vikjo», som vart «mellombels» lagt ned i år 2000.

Det var totalt 156.991 bilar med stort og smått på strekninga ferjesambandet i 2017. Av dei var det frå Skjersholmane til Ranavik 80.737 bilar (eit snitt på 10,4 bilar per avgang). Og frå Ranavik til Skjersholmane, endå færre, 76.254 bilar (9,8 bilar per avgang). Sjølvsagt vil det vere avgangar som det vil vere meir enn snittet, men det er ein indikasjon på at me kan tenkja litt aner leies når det gjelder vale av eit nytt ferjeleie. Som kan også genererer noko til handelsstanden og servicenæringa, i tillegg til kafe restaurant/pubar.

Om ein tar i bruk området der ferjene la til ved «Hauglandsbua» dvs., Sunnhordlandskaien slik at enn forlengja denne kaien nokon meter ut, med at ein byggjer ferjelemmen der. Og då vil også hamnesjefen få lenger kai der Sunnhordland la til «i dei hine dagar.» I tillegg til at ein kan byggje ut med å fylle ut med masse der ferja la til. Der ventekaien er kan ein utvide 2–3 meter frå fram til skifte ved Notahaugsbryggjo og ventekaien, og fram til enden av Sunnhordland-kaien der ferjelemmen bør vera. Frå venteskuret der Kystbussen stranda, og ut mot ventekaien. Med 3.5 meter ventefiller, då vil enn få 6 stk., ventefiller, i tillegg til ca. 140–160 meter fram til ferjelemmen. Dette vil gje plass 120 til 140 småbilar. Vegvesenet må då ha fått med seg at «Vikjo» slit med å få liv i gatene? Og om ein legg ferjeleiet på «Vikjo», som vil vere det mest fornuftige når det gjeld kostnader og kontinuitet i samferdsel, med at du også kjem direkte med buss og hurtigbåt. Detta er eg overbevist om kan vera med på og skape at me får PULS i sentrum. Ein får håpe at «statsmennene» i vegvesenet og kommunen ikkje går i «vranglås» av detta innspelet, men heller sjå på detta som ein mogelegheit med og skapa livleg sentrumsmiljø.

Kjell Larsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut