annonse

«Kva skjer med tenestene for utviklingshemma?»

Frustrerte
Frustrerte: Tidlegare kollegaer som me kjende som dyktige og entusiastiske, møter me i dag som frustrerte og oppgitte. Nokre har mista gløden og slutta. Brukarorganisasjonen (NFU) er i stor grad sett på sidelina, skriv Thor Hauglid og Sigve Blokhus, to vernepleiarar som har arbeidd med utviklingshemma mesteparten av sitt yrkesaktive liv. Biletet er frå Vidsteentunet aktivitetssenter, som i mange år har hatt eit tilbod til utviklingshemma. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Me er to vernepleiarar som har arbeidd med utviklingshemma i det meste av vårt yrkesaktive liv. Det meste av denne tida har me hatt gleda av å vera tilsette i Stord kommune. Denne tida ser me tilbake på med stor glede.

Så langt tilbake som på 1970-talet var det sterk kritikk mot institusjonsomsorga for psykisk utviklingshemma (HVPU). I kommunane var tilbodet tilfeldig eller ikkje eksisterande. Eit resultat av dette var at det i 1985 kom ein rapport der konklusjonen var at ansvaret burde overførast til kommunane. Dette vart den såkalla Ansvarsreforma i starten av 1990-talet. Med ordførar Werner Hagerup i spissen oppstod det glød og entusiasme. Innanfor dei fleste sektorar i kommunen (teknisk, kultur, skule, kultur, helse og sosial) saman med utviklingshemma og føresette vart gode tenester i det kommunale systemet utvikla. Ut av dette kom mellom anna Sæbø Gard, Saghaugen bustad og nybygget til Vidsteentunet aktivitetssenter. Hovudmålet for alle i dette var best mogeleg tilbod for brukarane. Sæbø var oppretta med tanke på arbeid ute. Saghaugen og Vidsteentunet var tilrettelagt for nokre av våre mest omsorgstrengjande. Me tek Vidsteentunet som døme: Då Vidsteentunet fekk nybygg, skjedde det ei forvandling. Arkitekt Åge Nygård hadde teikna eit bygg som var fleksibelt og godt tilrettelagt for dei mest omsorgstrengjande me har på Stord. Aktivitetstilbodet som dei tilsette stod for, var prega av høg fagleg og etisk standard blanda med god omsorg godt humør. Me nemner dette for me har ikkje møtt ei liknande dagtilbod nokon stad.

Frå denne tida kjenner me dei fleste avdelingar på dette området. Dyktige og entusiastiske fagfolk har gjort at Stord kommune har hatt eit tenestetilbod å vera stolt over. Dei siste ti åra har utviklinga gått i negativ retning. Gode dagtilbod er bygde ned og organiserte på ein slik måte at kvaliteten er forringa. Bustadtilbodet har gått i same retning. Tidlegare kollegaer som me kjende som dyktige og entusiastiske, møter me i dag som frustrerte og oppgitte. Nokre har mista gløden og slutta. Brukarorganisasjonen (NFU) er i stor grad sett på sidelina.

Me ser med uro på at dei seinare åra med har trong kommuneøkonomi ført til trugsmål om endringar i tenestetilbodet. Me vil difor seia noko om kva føringar Storting og regjering legg for tenestene til personar med utviklingshemming.

Intensjonen i ansvarsreforma var og er normalisering, integrering og likeverd. I 2006 vart FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne vedteke. Noreg signerte konvensjonen i 2006, og ratifiserte den i 2013. Stortingsmelding 45 (2012–2013) Frihet og likeverd skulle vurdera i kva grad dei politiske ambisjonane var gjennomførte. Meldinga konkluderte med at måla ikkje var oppnådd, og at utviklinga på einskilde område har gått i feil retning. Difor bad eit samrøystes storting regjeringa setja ned eit utval som skulle føreslå tiltak for å betra situasjonen. Dette førte til utgreiinga NOU 2016:17 PÅ lik linje – Åtte løft for å realisera grunnleggjande rettar for personar med utviklingshemming.

Her kjem litt av kva utvalet fann

Personar med utviklingshemming vert diskriminerte på ein rekkje samfunnsområde, både ved direkte forskjellsbehandling og ved manglande tilpassing og tilrettelegging.

Utviklingshemma vert fråteke rettsleg handleevne utan at dette er naudsyns og fagleg grunngjeve.

Utviklingshemma får ikkje hjelp til å utøva handleevna si.

Utviklingshemma har ikkje reell fridom til å bestemma kvar og korleis dei vil opphalda seg og bu.

Mange vaksne utviklingshemma har ikkje høve til å flytta ut av foreldreheimen.

Utviklingshemma har få reelle høve til å velja kor dei vil bu, buform, og om dei vil leiga eller eiga.

Utviklingshemma bur ofte samla i segregerte buformer.

Organiseringa og gjennomføringa av tenestene til personar med utviklingshemming undergrev høve til privatliv og personvern.

Omsorgstenestene vert gjennomført på ein måte som gjer private relasjonar og eigen familie for utvilingshemma vanskeleg.

Helse- og omsorgstenestene til utviklingshemma er utforma på eit slik måte at dei er til hinder for sjølvbestemmelse, inkludering og deltaking i lokalsamfunnet.

NOU 2016:17 kan lesast på regjeringa.no og dei åtte løfta utvalet føreslår reknar me med politikarar og administrasjonen i Stord har lest. At dei likevel set økonomi føre menneskerettar er for oss uforståeleg.

Til slutt står me att med nokre spørsmål: Kva skuldast denne utviklinga? Er det faglege årsaker? Er det økonomiske årsaker? Kva med etikk, Kva med moral? Kva med respekt? Kva med menneskesyn? Korleis samsvarer dette med kommunen sine verdiar?

Kommunen sin verdiplakat:

Open

Nyskapande

Respektfull

Brukarorientert

Thor Hauglid og Sigve Blokhus

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut