annonse

Kvar er det folkelege engasjementet for Hordfast?

FERJEFRI E39
FERJEFRI E39: – Kvar er det folkelege engasjementet for Hordfast? Fråverande! skriv Magne Misje frå Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

  • Meiningar

«Det er heilt hinsides. Eg finn meg ikkje i det», sa ein framståande fylkespolitikar frå Nordhordland om Hordfast for ei tid sidan. Bakgrunnen var at ei smal, einvegskøyrd og lysregulert bru i Alversund har om lag same døgntrafikk som dei to sambanda over Bjørnefjorden; Halhjem-Sandvikvåg og Halhjem-Våge.

For dette utspelet fekk han på pukkelen av ordførarar i Sunnhordland. Det politikaren frå Nordhordland uttrykte, er det som det store fleirtalet av politikarar og folk elles i Hordaland meiner. Også i Sunnhordland er motstanden mot Hordfast over Bjørnefjorden stor.

Vanlegvis motarbeider ikkje andre delar i eit fylke eit prosjekt det er semje om ein region. Heile Hordaland støttar opp om ny Sotrabru. Folk til og frå Sotra har stampa i køar i fleire tiår og fått arbeidsdagen forlengja med ein til to timar kvar dag. Like eins støttar folk opp om ny veg Bergen-Voss, ein veg som er av dei mest farlege og rasutsette i heile landet.

Det er stor folkeleg og politisk velvilje når det gjeld å gjera vegane i Hardanger og andre fylkesvegar betre og sikrare.

For desse prosjekta er det eit stort folkeleg engasjement som kjem fram på folkemøte og i lesarbrev i lokalavisene.

Kvar er det folkelege engasjementet for Hordfast? Fråverande!

Men andre uttalar seg. Ei tid tilbake stod ein uttale frå toppsjef i NHO og leiar i LO på trykk til støtte til Hordfast. Måndag 18. mars er det stortingsrepresentantane Eskeland og Nilsen som rykkjer ut for å protestera mot at ferjefri E39 er tildelt sløseriprisen.

Eit kronargument for Hordfast over Bjørnefjorden er påstanden om den store felles arbeidsmarknaden frå Stavanger til Bergen. Desse vyane og fantasiane vart effektivt skotne ned av Svein-Egil N. Johansen i eit lesarbrev i Sunnhordland for ei tid sidan.

Magne Misje
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut