annonse

Kven skal ta kostnadene?

Bekymra
Bekymra: Katrin I. Ankervold frå Utdanningsforbundet i Fitjar er bekymra for konsekvensane for barn og unge i Fitjar dersom fremlegg til budsjett 2018 vert ståande. (Foto: MArius Knutsen / arkiv)

Utfordringane står i kø for Fitjar etter at dei i forbindelse med kommunereforma valgte å vera «frivillig liten», skriv Katrin I. Ankervold.

  • Meiningar

Så kan man stille seg spørsmålet om «frivillighet» og det ville vera mulig å forbli liten med rammebetingelsene frå regjeringa, og som Fitjar kommune er blitt presentert for denne hausten. Konsekvensane vil vera svært alvorlige for barn og unge i Fitjar dersom fremlegg til budsjett 2018 vert ståande.

Det nye inntektssystemet som har samanheng med kommunereforma vil straffe Fitjar kraftig. Ettersom Fitjar valgte å stå åleine, får dei mindre overføringar frå Regjeringa i deira statsbudsjett.

Fitjar har i tillegg ein tilleggsutfordring. Dersom folketalet kjem over 3.200, vil kommunen tapa ytterlegare 2,7 mill. i rammetilskot kvart år( etter noko innføringtid). Fitjar kommune har pr 1/10-17 3194 innbyggjarar.

Som ikkje det var nok har skatteinngangen svikta kraftig i år. Fitjar kommune står overfor formidable utfordringer i budsjettet for 2018 og i tida fremover.

Innbyggjarane i Fitjar bør vera tett på prosessane som legges i Fitjar i desse dagar. Det er ikkje berre å få budsjett 2018 i balanse, men eit heilskapleg framtidig drift av kommunen som må syne seg. Spørsmål som kva tenestetilbodet kommunen skal ha legges nå.

Skal barn og unge bera omkostningene i form av svekket skulegang og utrygghet?

Når resten av Norge snakker om tidlig innsats i skulen, kan det i Fitjar gå mot at dei slår saman dei to andre klassane ved Rimbareid skule frå hausten. Elevane vil i denne klassen bli 28 elevar, av dei er det 19 gutar og 9 jenter. 5 av elevane er minoritetspråklege, fleire mest utan norsk språk.

Barn og unge får svekka skulegang ved at dei må gå i store klasser.

Ei anna saldering i fremlegg til budsjett 18 i Fitjar er kutt i norsk undervisning( SNO timar). Det er idag omkring 20 nasjonaliteter ved Rimbareid skule. Til desse elevane er det satt av 18 veketimar til norsk opplæring. Fleire av elevane som treng denne norsk opplæringa er heilt uten norsk språk. Likevel fremmes det forslag om reduksjon på 4 veketimar. Eit paradoks er at Fitjar kommune har saldert med positive tal i budsjettet sitt med å ta imot nye landsmenn i forgåande budsjett. Dette medvirket til det store overskottet i Fitjar kommune i fjoråret på 7,9 millioner i 2016.

Barn og unge får svekka skulegang ved ikkje få tilstrekkeleg norskopplæring.

Ikkje berre norskopplæring vert det kutt i. Barn med behov for spesialundervisning vil lide. Ein heil stilling med spesialundervisning ved Rimbareid skule vil bli redusert for å oppnå budsjettbalanse. Dette er rimelig kortsiktig. Ved å ikkje sette inn naudsynte midler idag vil unge risikere skolegangen sin. Som i neste omgang vil auke frafallet i vidaregåande skule og med dei samfunnsproblem det vil medføre.

Barn og unge får svekka skulegang ved at dei ikkje vil få tilstrekkelig tilpassinga undervisning, og på sikt risikere å bli ein del av fråfallstatistikken.

Tross det ikkje har vore prosess i høve flytting av elevar frå ein skule til ein anna vert det nok ein gang presentert flytting av elevar frå ein skule til ein anna. Flyttinga av sjuandeklassen i frå Øvrebygda til Rimbareid er eit årleg fenomen. Dette skaper usikkerhet for barn i denne posisjonen kvart år. Denne handsaminga av barn og unge i Fitjar kommune må ta slutt. Politikarane i Fitjar kommune plikter å skape gode forutsigbare forhold for barn i kommunen der dei lever og går på skulen.

Barn og unge vert utsatt for usikkerhet ved skuleskifte.

Budsjettframlegget legger til grunn ei reduksjon i skulematriell på 100 000 kroner. Og samstundes blir bokinnkjøp på biblioteket redusert med 46 000 kroner.

Barn og unge får svekka skulegang ved sterkt reduserte midler til skulematriell og bokinnkjøp.

Det er fremtiden som må ta konsekvensene av lite framsynte avgjersler idag. Ikkje bruk barn og unge sin skulegang som saldering i budsjettet i Fitjar. Det er til tider utfordrende å holde ut som lærer. Ikkje på grunn av manglene kunnskap, men fordi lærarar har for liten tid til å sjå og følgje opp kvar einskild elev. Dersom ikkje elevar får tilstrekkeleg hjelp vil fleire av dei unge kunne minst utdanning si. Det er vidare kjent at det er nær samanheng mellom svak skuleresultat og unge som ikkje fullfører skulegangen sin. Frafall i vidaregåande skule er leit for den unge og til svært store omkostninger for samfunnet.

La barn og unge få beholde høve til å få ein god skulegang i Fitjar.

Katrin I. Ankervold,
lokallagsleiar i Utdanningsforbundet i Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut