annonse

«Kværner tek plastutfordringa på alvor»

Plastforureining
Plastforureining: Kværner tek miljøet på alvor, og ytre miljø har i mange år vore ein integrert del av HMS-arbeidet i Kværner, skriv kommunikasjonssjef Odd Naustdal. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Åshild Hinderaker og Per Gunnar Lund tek i eit lesarinnlegg 4. mai opp temaet plastforureining og stiller spørsmål om kva Kværner vil gjera for å hindra at skytestreng hamnar i havet i tilknyting til bygginga av ny kai på verftet.

Ytre miljø har i mange år vore ein integrert del av HMS-arbeidet i Kværner. Me måler oss sjølv og me blir målt av både styresmakter og kundar, på ei rekkje ulike parameter. Me har også tilsette som har spesialkompetanse på miljø og som har i oppgåve å ha kontroll på eigne potensielle utsleppskjelder og som på oppdrag gjennomfører ulike miljøkartleggingar for kundar.

Kværner har dei siste åra jobba målretta med å bli eit grønt verft. For å redusera energibruken, har me gått over til LED-lys i hallar og bygg, balansert ventilasjon, me implementer smarthusteknologi for å styra lysbruken på verftsområdet og me har installert 130 nye målarar for straum, gass og vatn. Me har bytta ut verftsbilparken til elbil, etablert ladestasjonar og saman med Enova har me investert fleire millionar kroner i eit landstraumanlegg som reduserer CO-utsleppa med kring 1,5 millionar kilo pr. prosjekt.

Når det gjeld kaiprosjektet har me heilt frå starten hatt god dialog med styresmaktene, både kommunen og miljøavdelinga hos Fylkesmannen. Me knytte tidleg til oss miljøekspertise frå COWI, og arbeider no etter ein gjennomføringsplan som er godkjent og i tråd med gjeldande regelverk. Mellom miljøtiltaka i den planen, er kanskje det viktigaste at me gjennomfører ei skikkeleg oppreinsking av gamle synder på sjøbotnen i hamnebassenget ved Kværner. Som tidlegare skipsverft, finst det spor av ulike miljøgifter. Undersøkingar som er gjort viser at desse er moderate. Me er likevel i gang med ei omfattande miljømudring, slik at sjøbotn etter kaiutvidinga vil vera reinare enn på mange tiår.

Så til Hinderaker og Lund sitt konkrete spørsmålet om plastavfall. Det er klart at det vil gå med ein del skytestreng når det skal sprengjast så store mengder fjell som det som er planen her. Denne problematikken er tatt opp med firmaet som skal utføra utdjupingsarbeidet, og avbøtande tiltak er definert i avtalen partane i mellom. Det viktigaste tiltaket er at utførande entreprenør etter kvar runde med sprenging skal gå over området med lettbåt og håv for å sanka inn plast. Når sprengingsarbeidet startar, kjem Kværner til å ha regelmessige inspeksjonar for å følgje opp at dette blir gjennomført som avtalt.

Plastforureining har sidan starten av kai-prosjektet vore ein sentral tematikk i prosjektmøta, og det vil det vera også i fortsetjinga. Det kan også nemnast at ein stor del av sprengsteinen frå sjøbotnen skal inn som fyllmasse i den nye kaien. Det positive med det er at skytestreng som følgjer med på lasset vil bli kapsla inn i den nye kaien, i staden for å flyta ut i sjøen.

For ytterlegare å bidra til å halda nærmiljøet reint, har Kværner – etter dialog med nærliggjande velforeiningar – i mange år sett ut bosskonteinarar i nabolaget. Me får tilbakemeldingar om at det er eit tiltak som har bidrege til å redusera avfallet kring verftet. I tråd med det auka fokuset på plastforureining i sjøen, har også Kværner, saman med resten av Aker-verksemdene, byrja å markera strandryddedagen. Dette året gjennomførte me ei omfattande opprydding på eige område. Me hyra inn idrettslag som fekk dugnadspengar for å rydda i dei kringliggjande områda Naustvågen, på Akerhus og i Eldøyvågen, og me gir ei lita økonomisk handsrekning til eldsjelene i strandryddegjengen som gjer ein kjempeinnsats og brukar fritida si på å rydda strandområda ulike stader i regionen.

Me vil ikkje kunne garantera at me får opp igjen all skytestrengen som går med. Det me derimot kan garantera, er at me skal samla opp meir plast enn det som går i sjøen. Me kjem til å måla kor mykje skytestreng som blir brukt, og me skal i løpet av kaiprosjektet sørgja for at den totale mengda plast me samlar opp frå sjøen er minst like stor.

I Kværner seier me at god HMS er vår «license to operate». I ei industriverksemd er sjølvsagt tryggleik og vern av liv og helse viktig. Men jobben er ikkje gjort dersom me ikkje også leverer på miljø. Også på dette området har me ein ambisjon om å spela i toppdivisjonen. Og då må me starta med oss sjølv, og halda vårt eige område og nærmiljø reint.

Odd Naustdal,
kommunikasjonssjef Kværner region vest

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut