annonse

«Kvifor kunne ikkje skilta få stå?»

Del vegen
Del vegen:

  • Meiningar

Eg les at vegen mellom Sagvåg og Fitjar er vorten ei konfliktsone mellom dei syklande og bilistane. Eg hugsar at det stod eit par skilt som skulle vera med å dempa konfliktnivået på denne strekkja. Men no har Statens vegvesen fjerna desse skilta, visstnok fordi dei vil at Nordsjøsykkelruta skal gå langs og på den sterkt trafikkerte E 39 på austsida av Stord. Kvifor kunne ikkje skilta ved Sagvåg og ved Sandvikvåg få stå på den opphavlege plassen og vera med å oppmoda trafikantane til å dela vegen?

Terje Melheim

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut