annonse

«Kvifor skal brukarane få eit dårlegare tilbod?»

Kjempar for Vidsteentunet
Kjempar for Vidsteentunet: Hilde Hildal Hauglid (SV). (Foto: Anders Totland / arkiv)

  • Meiningar

På møtet i komité for rehabilitering, helse og omsorg torsdag 31.1. er det sett opp éi politisk sak. I sakspapira har denne saka fått overskrifta «Vidare bruk av Vidsteentunet». SV kjem til å røysta mot dette framlegget. I dette innlegget skal eg forklara kvifor.

Dei som i dag har dagtilbodet sitt på Vidsteentunet mister tilbodet sitt dersom fleirtalet av politikarane i RHO røyster slik administrasjonen tilrår. Dei skal rett nok få eit nytt på Sæbø gard, men i saksframstillinga kjem det fram at det nye tilbodet vil verta vesentleg dårlegare enn det dei får i dag.

Kvifor skal brukarane av Vidsteentunet få eit dårlegare tilbod? Svaret er enkelt: fordi administrasjonen i kommunen meiner ein kan spara pengar på det.

Ein skal ha vore rimeleg isolert den siste tida for å ikkje ha fått med seg at Stord kommune har store økonomiske utfordringar. Alle må bidra for at situasjonen skal betra seg. Utgifter må kuttast, og kutta svir, uansett kor dei kjem. Då er det viktig at dei kutta som vert gjort er verd det, og at dei faktisk fører til ei innsparing. Ut ifrå saksframstillinga, er det vanskeleg å sjå at ei nedlegging av tilbodet på Vidsteentunet fører til at kommunen sparer pengar. Det som derimot er heilt sikkert, er at nedlegginga vil svi. Lenge. Og for dei det gjeld, vil det ikkje svi mindre sjølv om framlegget til vedtak vert pakka inn i runde og upresise formuleringar.

Saka har fått overskrifta «Vidare bruk av Vidsteentunet». Dette tyder nedlegging av Vidsteentunet. Tilbodet til dei som i dag er på Vidsteentunet vert lagd ned og erstatta med eit dårlegare tilbod på Sæbø gard.

Nedlegginga og flyttinga vil ifølgje administrasjonen føra til «arealeffektivisering» og «fortetting». Dette tyder i realiteten segregering. Dei som i dag er på Vidsteentunet vert flytta ut av sentrum og saman med andre med utviklingshemming. Ein meiner at ein sparer pengar og oppnår såkalla stordriftsfordelar med å samla mange menneske med ei eller anna form for hjelpebehov på éin plass. Dette er direkte i strid med intensjonane i HVPU-reforma og det vitnar om ein tankegang og eit syn på menneske som burde høyra fortida til.

I saksutgreiinga står det at ytterlegare fortetting vil bli vurdert når ein ser korleis det fungerer. «Ein viss fare med for stor fortetting er at det kan føra til auka utagering og sjølvskading». Kor lenge ser rådmannen føre seg at ein skal prøva ut eit fortetta tilbod? Kor mykje utagering og sjølvskading meiner ein skal aksepterast?

Administrasjonen skriv at når ein flyttar folk frå Vidsteentunet til Sæbø gard må nokre av brukarane få nokre «fridagar» i veka. Dette tyder dagar utan dagtilbod. Eg kan ikkje sjå at nokon av dei som har tilbodet sitt ved Vidsteentunet har uttrykt noko behov for «fri».

I desember 2015 vedtok me å byggja til 20 personar til på Sæbø Gard og å bevara Vidsteentunet. Dette var ei sak utgreidd av den same administrasjonen som i dag og saka vart vedteken av dei same politikarane som i dag.

Dersom ein skal kutta i eit sårt tiltrengd tilbod, og kutta fører til ei direkte forringing av livskvaliteten til einskildmenneske, må det i det minste bevisast at det er verd det. Reknestykket som skal rettferdiggjera nedlegginga er vanskeleg å skjøna og inneheld for mange usikre faktorar.

Det står i saka at ein på eit tidspunkt lyt utvida tilbodet. Men kor stort kan og vil Sæbø bli? Og kven høver tilbodet på Sæbø for? Vidsteentunet er spesialtilpassa akkurat dei menneska som brukar det.

Er det slik at det er ledige tilsette i bufellesskapa, klare til å ta imot dei som mister deler av dagtilbodet sitt?

Kommunen vil nok kunna dekka det noverande dagaktivitetsbehovet, men kor lenge? Det er 11 aktuelle brukarar dei neste 5 åra, 15 brukarar dei neste sju åra. Det vert vist til at nokre av dei 15 nye ungdomane som er ferdige med vidaregåande skule dei neste sju åra, kan vera aktuelle for VTA-plass, evt. einskildarbeidsplassar i kommunal, eller privat regi. Det har vist seg vanskeleg for personar med utviklingshemming å få innpass på arbeidsmarknaden, òg i verna verksemder der det allereie er mangel på plassar. Podlen verkstad skal no gje eit arbeidstilbod til personar med ulike funksjonsvanskar, ikkje berre til personar med utviklingshemming. Me kjenner ikkje til at det er planar om utviding ved Podlen verkstad.

I saksframlegget står det at ein ser for seg at Hamna kontaktsenter skal overta Vidsteentunet. Hamna leiger pr. i dag lokale av Borggata Futurum (BF) for 340.000 kr i året. Maris leiger òg lokale av BF og betaler om lag 400.000 pr. år. Lokala er kraftig forringa ettersom BF har planar om ei stor ombygging. Stord kommune betaler ein høg pris (nesten 800.000 kr pr. år) for lokale som det gjerne ville vore vanskeleg å leiga ut til andre ettersom både tidsperspektivet er usikkert og kvaliteten synk ettersom byggjeaktiviteten rundt stig. Er dette rimeleg? Det er avgjerande at både Hamna og Maris vert verande i sentrum. Her er det snakk om to ulike grupper som treng to ulike tilbod. Pr i dag har desse same avdelingsleiar. Dette er ei organisering som kan endrast, og gjerne òg med eit innsparingspotensial. Vidsteentunet kunne vore gode lokale for Hamna, hadde det ikkje vore for at desse lokala allereie er i bruk. Her må me finna andre løysingar, gjerne i samarbeid med andre huseigarar i sentrum.

Både pårørande, tilsette og andre fagpersonar åtvarar om at ein no er i ferd med å øydeleggja noko bra og verdfullt det har teke lang tid å byggja opp. Framlegget om å leggja ned tilbodet på Vidsteentunet medfører ei direkte forringing av sårbare einskildmenneske sine liv for ei uviss innsparing. Eg kan ikkje sjå at dette kan rettferdiggjerast. Difor kjem SV til å røysta mot framlegget.

Hilde Hildal Hauglid,
SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut