annonse

Kvifor «Stordpakken»?

Bompengar
Bompengar: SV er ikkje prinsipielt mot bompengar, men vi vurderar nøye kva prosjekt vi kan støtte. «Stordpakken» er eit slikt, mens «Hordfast» t.d., slik planane tilseier, ikkje er det, skriv Kjellbjørg Lunde. Biletet er frå eitt av fleire problemkryss på Stord, Tveita-krysset. (Foto: -)

  • Meiningar

For ein generasjon og to sidan gjekk og sykla ungane til skule og fritidsaktivitetar. Skulle ein lenger vekk, var bussen eit alternativ. Få blei køyrde med privatbil. Med velstandsveksten har dei fleste no privatbil, nokre både ein og to. Trafikken har auka deretter, men vegnett og utbygging av gang- og sykkelstiar har ikkje halde tritt med utviklinga. Ungane blir køyrde til det meste; i hovudsak fordi trafikktilhøva er slik at foreldra ikkje vågar å sleppe dei ut i trafikken, men også fordi trenden er slik at ein køyrer bil når ein har bil.

Mange meiner at kollektivtrafikk ikkje høver for dei, og bussane går for det meste med få passasjerar, unnateke tidleg morgon og ettermiddag når skuleelevane med rett til skyss, tek bussen. Mange tykkjer at rutetilbodet er for dårleg, m.a. på kveldstid.

Dei som arbeider med folkehelsespørsmål varslar om store negative konsekvensar av at svært mange rører seg for lite, og særleg at mange barn og unge ikkje får naturleg fysisk aktivitet gjennom å gå og sykle til skule og fritidsaktivitetar.

Klimautfordringane tilseier at vi alle må endre forbruksmønsteret vårt, bl.a. når det gjeld transport; vi må køyre mindre bil og reise meir kollektivt, sykle og gå oftare.

Skal vi få det til, må det tilretteleggast for endring; trygge gang- og sykkelvegar, fysiske endringar for mindre biltrafikk i sentrumsområde, avlastingsvegar for å leie trafikken utanom sentrum og skilje mjuke og harde trafikantar. Det må satsast på god og tilpassa kollektivtrafikk, til lågast mogeleg kostnad for passasjerane. Det nye takstsystemet og soneinndelinga her i fylket er eit steg i rett retning.

Kva transportløysing vi vel har også med pris å gjere. Bompengar har til ei viss grad innverknad på kor mykje vi køyrer og når vi køyrer.

LES OGSÅ

Satsinga på eit gjennomgåande gang- og sykkelvegnett i heile kommunen vår, miljøtiltak i Leirvik og avlastingsveg frå Ådland til Sæ, kalla «Stordpakken», har hatt tverrpolitisk oppslutnad gjennom fleire vedtak i kommunestyret, ikkje berre i denne perioden. Fagfolk i kommunen, fylket og i Statens vegvesen har på oppdrag frå politikarane, arbeidt i årevis med å få fram gode planar og ei realistisk finansiering av dei ulike delprosjekta.

Alle har visst at eit slikt løft for lokalsamfunnet vårt ikkje var mogeleg utan at også bompengar blei ein del av finansieringa. Regjering og stortingsfleirtalet har bestemt at slik skal det vere. Dersom vi vil ha noko gjort lokalt, må vi planleggje etter gjeldande finansieringsmodell. Dersom vi seier nei til bompengar, seier vi i realiteten nei til det som er til stor nytte for innbyggjarane våre, spesielt dei unge.

Eg trur at dei fleste ser kor positivt det blir å få på plass det som no er planlagt. Men eg forstår at dei fleste ikkje vil at det skal skje ved hjelp av bompengar. Men dersom vi seier nei til denne finansieringsmåten, seier vi i realiteten nei til det vi eigentleg vil ha, dei fleste av oss.

Då fleirtalet i kommunestyret overraskande sa nei til «Stordpakken» før sommaren, var grunngjevinga at det blei for dyrt med innkrevjing av bompengane, innkrevjingsstasjonane kosta for mykje, og så ville ein heller ha vegprising.

Etter at SV sentralt i svært lang tid har foreslått vegprising som alternativ til bompengar, blei det for nokre månader sidan fleirtal i Stortinget for å få dette utgreidd. Men som svaret kommunen har fått frå departementet viser, er dette ikkje noko realistisk alternativ no. Det vil ta år og dag før vegprising blir utgreidd og eventuelt vedteke.

Det er ikkje SV sin politikk som ligg til grunn for dagens finansieringsmodell for ulike samferdsleprosjekt. Men når Stortingsfleirtalet vedtek at slik skal det vere, må vi ta konsekvensen av det lokalt når det er ynskjeleg å få noko gjort.

SV er ikkje prinsipielt mot bompengar, men vi vurderar nøye kva prosjekt vi kan støtte. «Stordpakken» er eit slikt, mens «Hordfast» t.d., slik planane tilseier, ikkje er det.

Eg tykkjer det er rart at dei politikarane/partia som framleis meiner det er OK å gå inn for prosjekt som vil gi over 1000 kroner berre i bompengar tur/retur Stord–Bergen, no ser ut til å ville gå mot noko som ville vere eit stort gode for eigne innbyggjarar, og som kjem i lågaste takstsone for bompengar, berekna til 15 krone. Ulike rabattordningar vil gi lågare kostnad, og med tak på utgifter pr. månad.

Som med alle andre «flate» avgifter er bompengar mest belastande for dei med lågast inntekt. SV har generelt ein politikk som ville motverke dei største forskjellane i levevilkår, og vi skulle ynskje at vi kunne ha finansiert «Stordpakken» utan bompengar. Men når det er ein annan politikk som får fleirtal, inkludert at stadig større del av samferdsleprosjekta blir finansiert med bompengar, må vi ta konsekvensen av dette om vi vil ha gjennomført det som har så mange positive konsekvensar som innhaldet i «Stordpakken» vil medføre.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut