annonse

Kvinnheradferjo

Ferjemann
Ferjemann: Jan Hevrøy. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Viser til stykkje i bladet Sunnhordland, onsdag 13.12, frå Husnes Vekst. Der vil dei ha ferjo vekk frå Skjersholmane–Ranavik, og over på Jektevik–Sunde. Greitt nok da. Men argumenta har like mykje hol i seg, som da er i ein middels vedlikehalden grusveg.

Påstand: Løysinga kan realiserast umiddelbart, og krev små investeringar.

Realitet: Ei ferje er ikkje nett hyllevare, og særleg ikkje ei med fart på 20–25 knop. Ein må rekna med eit par års byggjetid. Og den kostar ikkje nett det same som ein skjergardsjeep heller. Da va jo ein «luring» av ein ingentinggjør i Vegvesenet som sa, at i 2020 kom det til å vera ein heilt annan teknologi tilgjengeleg. På hybrid og el-ferjer. Sikkert. Men for å setja ferja i drift 1. januar 2020, når dei nye anbuda startar, så kan ein ikkje starta bygginga i andre veko i desember 2019.

Og at ein ikkje treng laga nytt ferjestø, er vel ikkje heilt hald i. Om ferjo skal gå til Jektevik, så held det ikkje med eitt ferjestø der. Så ofte som Tysnesferjo har anløp, vil det verta kollisjon i rutetidene. Men det er jo både enkelt, og eit lite inngrep i naturen, å byggja eitt til. I motsetjing til å byggja på ein plass der det ikkje er noko frå før.

Ein annan ting er jo at hurtigaste og kortaste veg mellom Sunde og Jektevik er gjennom Laukhammarsundet, mellom Huglo og Skorpo. Og eg sku likt å sett ei stor ferja båla gjennom der i 25 knops fart. Eller rettare sagt. Eg håpar eg ikkje får sjå da. Da er verken forsvarleg eller gjennomførbart.

Men om Husnes Vekst viser til at det må eit politisk vedtak til. Jau, då er 2 år umiddelbart.

Om ein vil ha el-ferjer som går i 25 knop, så får ein ikkje oftare avgangar. For med den farten må ferja liggja ei stund for å lada etter kvar overfart. Større fart, større energiforbruk. Anten det er gass, diesel eller straum. Til samanlikning. Om ei av ferjene på Halhjem-Sandvikvåg ligg over ein rundtur, så sparer dei lika mykje som Folgefonn gjorde på ein heil dag då dei gjekk på diesel. Det seier noko om at stor fart krev stort forbruk.

Og til ynskjet om tilgang til E39, med sikker (standard, vintervedlikehald) veg mot Bergen, Leirvik og Haugesund. Til det vil eg berre sei. Den E39 som går forbi Heiane, like ovanfor Skjersholmane, er den same E39 som går forbi Jektevik. Berre sjekk på kartet. Da er heilt sant.

Jan Hevrøy,
ferjemann

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut