annonse

La ikkje sparing gå utover dei svakaste

RIVE
RIVE: Det har skjedd mykje på Sæbø gard dei siste åra. Men forfattaren av dette lesarbrevet meiner det vert heilt feil å snakka om stordriftsfordelar når ein har med individull tilrettelegging å gjera. (Foto: ARKIV)

  • Meiningar

Mykje er sagt og mykje er skrive om denne saka. Kjensler kjem til overflata og det engasjerer. Eg har sjølv som uvitande nyutdanna vernepleiar talt for denne løysinga. No ser eg klarare.

Alle menneske er unike individ. Christoffer Gilberg skriv i ei av bøkene sine om autisme: Mycket schablontankande kommer til ytan innom pedagogiken … … nar en viss diagnos blir aktuell. (Autism side 152). Denne sjablong tenkinga er utfordrande når overordna leiing snakkar om stordriftsfordelar og miljøterapeutar snakkar om individuell tilrettelegging av teneste og miljø. Nå er det tenestemottakarar på Vidsteentunet og Sæbø Gard med mange ulike diagnosar, men sjølv alle med same «basisdiagnose» er unike individ. Dei treng sitt eige opplegg og tilrettelegging.

Når eg les rådmann Mjør sine ord om stordriftsfordelar kjenner eg at «skinnet krøllar» seg på ryggen. Stordriftsfordelar i samband med individuell tilrettelegging høyrer ikkje saman. Ikkje på nokon måte. Utfordringane for dei som nyttar tenestene er mange. Ein føresetnad for å hindra utagering er tryggleik. Denne tryggleiken oppstår gjennom oversyn over aktivitetar og dei personane som er rundt ein. Nokre treng skjermast frå andre.

Nokre treng skjerma seg sjølv for andre. Eg er redd at me ikkje vil klara dette ved ei samlokalisering som gir for mange individ på for liten plass. Me er nøydd til å setja vår lit til politikarane at dei gjer eit forsvarleg val. At dei ikkje pissar i buksa for å jaga kulden på dør ei kort tid. Eg skjønar at rådmannen må spara der han kan spara. Eg unner absolutt Hamna kontaktsenter tenlege lokale. Men la no ikkje dette gå utover dei svakaste av dei svake, dei som ikkje er i stand til å fremja si eiga sak.

For eiga rekning

Gjermund Johnsen,

miljøterapeut, Stord kommune

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut