annonse

Laksetrappa og laksen i Ådlands-vassdraget

Lakseelv
Lakseelv: Laksetrappene i Frugardselva. (Foto: Joost Lommelaars)

  • Meiningar

Det er alltid kjekt å lesa når Steinar Hystad skriv observasjonane og tankane sine om smått og stort i samfunnet vårt. I Bladet Sunnhordland skreiv han 10. desember om laksetrappa ved Frugardsbrua.

I arbeidet mitt med jubileumssoga til Stord Jeger- og Fiskerforening, «70 år med jakt og fiske», fann eg litt meir om laksetrappa og laksen i elva.

I 1959 tok Stord Jeger- og fiskerforening opp spørsmålet om å byggja laksetrapp i Frugardsosen. Det var synfaring saman med fiskerikonsulenten i Hordaland og møte mellom grunneigarlaget, Stord Jeger- og Fiskerforening og kommunen. 15.04.1959 står det i Bladet Sunnhordland eit stykke som heiter: «Vatna-elvi på Stord byd på gode gyteplassar for laks og sjøaure. Det gjev mot til arbeid med bygging av laksetrapp».

Laksetrappa var teikna og planlagt, og prisen sett til 7–8000 kr. Grunneigarlaget var positive til å samarbeida med Stord Jeger- og Fiskeforening om dette arbeidet.

Så var spørsmålet kvar ein kunne finna laks som høvde i Vatnaelva. Dei fann ut at på Osterøy var det ei elv, Loneelva, som var nokså lik Vatnaelva.

Arne Berger skriv om dette 13.11.2009 i Bladet Sunnhordland, og Joost Loomelars supplerte informasjonen i eit innlegg litt seinare. Han skriv m.a.:

«Stamlaksen til yngelen vart henta frå Loneelva på Osterøy, såkalla lonevågere.

Men dette var før oppdrettsnæringa hadde gjort inntog i Hordaland og Noreg elles.»

Han skriv vidare at i åra etter at det kom oppdrettsanlegg i fjordane, har lonevågarane vorte blanda med rømt oppdrettslaks. Han skriv også at undersøkingar sommaren 2009 var det knapt laks som likna på reine lonevågarar å finna. Saman med tre biologar frå Unifob undersøkte dei Vatnaelva og fann at ca. 50 % av laksane var oppdrettslaks.

I 2007 vart all fisken i Vatnaelva drepen ved eit uhell. Litt etter kvart har livet i elva kome tilbake. Laksane som var i elva på det tidspunktet vart drepne, men laks ute i havet kom attende og tok etter kvart til å gyta i Vatnaelva. Bestanden har teke seg opp att, men det er vel ikkje store innslag av reine lonevågarar lenger.

Avslutningsvis må eg få lov til å nemna at eg sjølv har vakse opp på Osterøy og kjenner mange lonevågarar, dvs. folk som budde i Lonevåg der Loneelva rann ut i sjøen. Men at laksen i Vatnaelva kom frå Loneelva, og at laksen som vart sett ut i Vatnaelva var oppattkalla etter lonevågarane, visste eg ikkje før eg kom til Stord.

Atle Bjørn Mæhle

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut