annonse

«Legg ned asylmottaka!»

Innvandring
Innvandring: «Ikkje berre vil det lette skattetrykket på folk flest, men det vil òg sette ein stoppar for økt kriminalitet i landet vårt», skriv Emil Tranøy Aasheim i Framstegspartiets Ungdom. På biletet ser me Litlabø mottak. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Kvifor er det eigentleg sånn at norsk flyktning- og bistandspolitikk er organisert som eit lotteri, der dei heldigaste 0,005 % får reisa til Noreg, medan dei som verkeleg treng beskyttelse må bli igjen fordi dei ikkje har ressursane som skal til for å komme seg hit?

Det er fordi me har politiske parti i Noreg som er meir opptatt av å opptre som snille og godhjarta, i staden for å faktisk gjera ein forskjell. Det meiner eg er horribelt.

Me er faktisk nøydde å ta denne debatten, før heile velferdssystemet til Noreg går ad undas.

Det har seg slik, at det kostar om lag ein million kroner per kvoteflyktning over ein femårsperiode: Dette inkluderer midlar til uttak, reiser og integrering. Det blir om lag ein milliard kroner for 1000 kvoteflyktningar.

Der ein mannleg nordmann tilfører staten 3,5 millionar kroner i skatteinntekter i snitt frå dei er 25 år og ut livet, vil ein mannleg innvandrar frå landgruppe 3 (Afrika, Asia, Latin-Amerika og Midtøsten) koste den norske staten 6 millionar kroner for den same perioden.

Innvandringa er ikkje berre eit problem med tanke på dei økonomiske utgifta, den er også eit stort problem med tanke på kriminalitet.

Blant nordmenn så er 4,5 % dømte gjerningspersonar innanfor alt frå nasking til drap. Blant busette flyktningar så er den same andelen 10,9 %. Tala er styggare om me kun fokuserer på land som Somalia, som me har ein stor andel av i Noreg, og her er talet 12,4 %.

Per 1000 nordmenn, utfører 0,63 % av dei valdskriminalitet. Blant flyktningar så er den same prosenten på 2,1. Altså 3,35 gangar så høgt. Fokuserer me her kun på innvandrarar frå Afrika så er det 3,7 gonger så høgt.

Det er nesten umogeleg å rekna kva kriminaliteten blir i framtida, men det faktum at tala nemnt over er endå verre når det kun blir fokusert på borna av innvandrarar og flyktningar, gjer at det ikkje ser lovande ut.

Med tanke på økonomien er det derimot litt lettare, SSB anslår at den store innvandrarandelen i Noreg vil føre til at nordmenn må betala 10.000 kr. meir i skatt kvar einaste år frå og med 2025, ettersom mange innvandrarar vel å ikkje jobba og heller lev av trygdeytingar, i tillegg til at dei legg eit større press på kriminalomsorga enn det resten av befolkninga gjer.

Så, betyr dette at me skal gje blaffen i flyktningane rundt i om i verda? Nei, det gjer ikkje det. I staden for å driva rulett med asylsøkjarane, så kan me gjera ein faktisk forskjell ved å bruka dei same midlane til å hjelpa dei i nærområda.

Det blir brukt ca. 197 millionar kroner på nær 190.000 menneske i flyktningleiren i Kakuma i Kenya, men å ta imot 1000 kvoteflyktningar til Noreg vil koste oss 1 milliard kroner. Kostnadsforskjellen er enorm, og det forsterkar poenget mitt ytterlegare.

Svaret er på problemet er faktisk ganske så enkelt, hjelp flyktningane der dei er. Ikkje berre vil det lette skattetrykket på folk flest, men det vil òg sette ein stoppar for økt kriminalitet i landet vårt.

Emil Tranøy Aasheim,
formann Sunnhordland FpU

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut