annonse

Leirvik får eit løft

Eigedomsutviklar
Eigedomsutviklar: Thor Liverød jr. (biletet) har kjøpt Borggata Futurum saman med Kurt Arne Tyse. (Foto: Olav Røli)

  • Leiar

I desse dagar startar utbygginga av husværeprosjektet Teinevikjo i Hamnegata på Leirvik. Dermed har ein tre store husværeprosjekt gåande parallelt, som ikkje berre vil føra til eit tresifra tal nye bustadeiningar i sentrum: Det vil også gje heile Leirvik eit løft.

Vel så interessante er planane som vart offentleggjort sist veke, om at eigedomsutviklarane Kurt Arne Tyse og Thore Liverød jr. har kjøpt Borggata Futurum, og skal setja i gang ei større oppgradering av kvartalet midt i gågata. Det trengst. At desse to karane meiner alvor kunne ein sjå alt måndag, då fleire arbeidarar var i gang med kosting, reinsking og spyling rundt bygningane, som er smelta saman til ein.

Les også: Borggata Futurum er kjøpt opp

Og det trengst. Leirvik sentrum, med øvre og nede del av Borggata, har til dels vore prega av både forfall og negativitet dei siste åra. Det er synd. For ingenting er kjekkare enn ei levande gågate, med mykje handel og folkeliv. Difor er det ekstra spennande at det kjem inn ein investor som kan sjå ting utanfrå, med eit litt anna perspektiv. Liverød jr. har både den kapitalen og kunnskapen som skal til for å få meir liv i gata.

For fire år sidan heldt Liverød jr. eit innlegg på eit frukostmøte i regi av Stord Næringsråd, der tema var sentrumsutvikling. Her presenterte han mange interessante tankar. No er det berre å setja dei ut i livet. Biltrafikk gjennom Borggata er nok ikkje rett medisin for å redda sentrum. Men ein ny giv, med visjonære og tiltaksame eigedomsutviklarar kan gjera det. Lukke til med jobben!

Liverød og Tyse: Vil få eigedomen til å skina 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut