annonse

Leppefisken sin skjebne i fjordane våre

Attraktiv
Attraktiv: Bruk av vill leppefisk som reinsefisk i oppdrettsanlegg er eit gigantisk eksperiment som vi ikkje kjenner den fulle konsekvens av. (Foto: Arkiv)

Og det er vi, fjorden og naturen som haustar konsekvensane av dette eksperimentet, skriv Svein Ingvald Opdal.

  • Meiningar

Sist veke ringde ein ven frå mange år tilbake til meg. Heile livet hadde han levd av fisket, han var ingen hobbyfiskar slik som meg. No var han bekymra for det omfattande fiske etter leppefisk i strandsona; berggylte, grøngylte og bergnebb elle «gandaråta» som vi sa på Tysnes. Han hadde registrert at det kom fiskebåtar som sette teiner, fyrst ein med eit sett og så ein ny båt med nytt sett. Slik held det på i 4–5 rundar. Småfisken vart borte etter kvart.

Eg har registrert dei same hendingane og dei same konsekvensane. Det er fiske etter leppefisk for bruk mot lakselus i oppdrettsanlegga. Årleg vert det teke opp 21 millionar leppefisk langs kysten frå Sverige og oppover til ein verdi av 200 millionar kroner til fiskarane. Den levande fisken vert frakta kysten rundt til ulike anlegg. I over 40 år har oppdrettsindustrien kjempa mot lakselus utan å lukkast. Det har vore brukt medikament, hydrogenperoksid, varmtvatn, laser og trykkspyling for å nemna noko. Konsekvensane er lakselus som utviklar resistens og vert immune mot behandlingane. No er det leppefisken som i tillegg skal fjerna lakselusa.

Les også: Er bekymra for leppefisken i Fitjar-øyane

Leppefiskane lever i strandsona der dei et krepsdyr, kråkebollar, sniglar og parasittar på anna fisk. Dei er viktig mat for torsk, lyr, sei og fuglar. Forskarane seier leppefisken kan leva opp til 20 år og den held seg i same området mesteparten av livet. Fisket er regulert i tid, men ikkje i mengd og det har tidobla seg sidan 2008.

Bruk av vill leppefisk som reinsefisk i oppdrettsanlegg er eit gigantisk eksperiment som vi ikkje kjenner den fulle konsekvens av. I anlegga lever fisken frå 3 til 6 månader. Ein tredjedel døyr truleg av sjukdom og stress, resten kan oppdrettsindustrien ikkje gjera greie for. Vi kan med god grunn spørja kva dette har med fiskevelferd å gjera. 400 millionar oppdrettsfisk i opne anlegg produser årleg 140 millionar vaksne holus.

Meiningar: Leppefiske må kontrollerast betre

Oppdrettsindustrien har sjølv skapt denne situasjonen og det er uforståeleg at det årleg skal ofrast 21 millionar leppefisk for å løysa problemet. Og det er vi, fjorden og naturen som haustar konsekvensane av dette eksperimentet. Løysinga ligg i dagen ved bruk av lukka anlegg. Tida er overmoden for eit anna driftsregime i oppdrettsindustrien om den skal ha noko framtid i Noreg.

Det er all grunn til å lytta til min fiskarven, han kjenner sjøen og livet der betre enn dei fleste av oss.

Svein Ingvald Opdal,
Kvinnherad MDG

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut