annonse

Les avskjedshyllesten til Jarle Kaldråstøyl

Ryddar pulten
Ryddar pulten: Mange minne dukka opp då Jarle Kaldråstøyl i førre veke rydda kontoret sitt i Bladstova, der han har jobba sidan 1985. No har den mangeårige sportsmedarbeidaren gått av med AFP, men han vil framleis skriva litt for sporten, som frilansar, i tida framover. (Foto: Magne Kydland)

Det er med stort vemod me takkar av ein god kollega og læremeister.

  • Eirik Spjeld Og Joar Hystad

Denne veka står veteranen Jarle Kaldråstøyl sine siste saker på trykk i Bladet Sunnhordland. I 1985 gjekk han i gang som sportsjournalist i lokalavisa, og sporten i regionen fekk ein eigen person som følgde med på det som rørte seg på den fronten. Alle som har drive med idrett på øya veit kven Jarle er, og etter over 32 års teneste kjem det til å merkast at han no er vekke.

Me som skriv denne avskjedskommentaren har jobba med Jarle i til saman rundt ti år, noko som har vore både givande og lærerikt. Me kom begge inn som heilt ferske i bransjen, og den varmen me vart tekne imot av Jarle med vil me vera evig takksame for. Han stod der med opne armar, noko som gjorde alt mykje enklare og mindre skremmande for oss som var nye.

Jarle har hatt ein av dei jobbane som må kunna karakteriserast som aller vanskelegast her i lokalsamfunnet. Alle meiner noko om sport, og alle meiner at deira idrett eller lag anten fortener meir omtale, eller at idretten eller laget det er snakk om fortener betre og meir positiv omtale. Det er tusen ulike meiningar om sakene som vert skrivne, men Jarle har handtert desse utfordringane på ein framifrå måte. Den blivande pensjonisten har hatt ein oversiktskunnskap over idretten i og rundt Stord som Sunnhordland kjem til å merka at no er vekke.

Det at det av og til har skjedd ein glipp, som at det har komme eit bilete på trykk der ansiktet på hovudpersonen er dekt av ein ball, er slikt som skjer i løpet av ei 32 år lang journalistkarriere. Me vågar påstanden at når Jarle gjekk inn for det, så hadde han den skarpaste og beste pennen i redaksjonen. Me trekkjer fram følgjande to utdrag som døme på nettopp det:

1. Om leilegheita til den danske handballspelaren, Henrik Knudsen, på Ås. «– Starten har vore bra, seier dansken og ser seg rundt i sitt flettande nye husvære plassert om lag der Kristian Lunde i si tid drog opp midtstreken på den gamle Åsbanen.»

2. Tittel til ein kommentar om Stord Fotball i august i år. «Ofra på kynismen sitt alter?»

Jarle var av den gamle skulen, noko det står stor respekt av i ein bransje som mange meiner at i dag er på veg i feil retning. Han tok ingen snarvegar for å generera klikk, og av den grunn visste ein at sakene til Jarle var truverdige og at overskriftene harmonerte med det som var hovudbodskapen i teksten.

Framover kjem ein ikkje til å finna Jarle Kaldråstøyl sitt namn på byline i Sunnhordland, noko som kjem til å vera både rart og litt trist. Rart kjem det til å vera å sjå nokon andre rapportera frå friidrett med Nils Hetleflåt eller skeising med Henning Nordfonn. Trist kjem det til å vera fordi somme av oss har mista ein god mentor, medan Sunnhordland har mista ein skarp og kunnskapsrik penn.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut